Austronesiske språk er ein språkfamilie som blir snakka frå Madagaskar i vest via Indonesia, Filippinane, Ny-Guinea, Salomonøyane og New Zealand til Hawaii og Påskeøya i aust.
Velkjende austronesiske språk er gassisk, malayisk/indonesisk, javanesisk, sundanesisk, tagalog/filipino, cebuano, samoisk, hawaiisk, rapanuisk, tahitisk og maori.
Med over 1250 språk er den austronesiske språkfamilien den nest største i verda, berre slått av den afrikanske niger-kongo-familien, som har kring 1400 språk. Omkring 300 millionar menneske har eit austronesisk førstespråk.
Seksten statar i dette området har eit austronesisk språk som einaste eller eitt av fleire nasjonale eller offisielle språk, her nemnde alfabetisk, med det aktuelle språket i parentes:
- Aust-Timor (tetun)
- Brunei (Bahasa Kebangsaan)
- Cookøyane (rarotongisk)
- Fiji (fidsjisk)
- Filippinane (filipino/tagalog)
- Indonesia (Bahasa Indonesia)
- Kiribati (kiribatisk)
- Madagaskar (gassisk)
- Malaysia (Bahasa Malaysia)
- Marshalløyane (marsjallesisk)
- Nauru (naurisk)
- Palau (palauisk)
- Samoa (samoisk)
- Singapore (Bahasa Melayu)
- Tonga (tongisk)
- Tuvalu (tuvalisk)
Gjennom dei siste 200 åra har det blitt føreslått slektskap mellom austronesisk og ei lang rekkje andre språkfamiliar, utan hell. Ingen har lagt fram systematiske analysar som held mål innanfor rammene av den historisk-komparative metoden.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.