Skule Bårdsson var ein norsk jarl, seinare hertug, og kongsemne. Han var son av Bård Guttormsson på Rein og halvbror av kong Inge Bårdsson. Skule fekk jarlsnamn vinteren 1216/1217, og var riksstyrar for kong Håkon Håkonsson medan kongen var umyndig. Frå 1217 til sin død hadde Skule full styringsmakt i ein tredel av Noreg og skattlanda, anten som samla riksdel eller som spreidde sysler på landsbasis. Han vart Noregs første hertug i 1237.
Heilt frå starten av Håkons regjeringstid var det konflikt mellom han og Skule. For å dempe konflikten, gifta Håkon seg med Skules dotter Margrete i 1225, utan at det hadde stor effekt. Etter kvart som Håkon fekk meir makt, vart Skules makt redusert, og til slutt gjekk han til åpent opprør mot svigersonen. Skule lot seg utrope til norsk konge på Øyratinget i 1239. Året etter vart han drepen av Håkons menn.
Skule Bårdsson er ein av dei mest omstridde – og ulikt vurderte – politiske og militære leiarar i norsk mellomalderhistorie, og som ein av hovudpersonane i Henrik Ibsens Kongsemnerne har han dessutan fått ein viktig plass i norsk litteraturhistorie.
Skule vart lenge oppfatta som ein ærgjerrig og stortenkt, men utrygg og handlingshemma tvilar. Nyare forsking ser han som ein stor statsmann og dyktig regent, kanskje til og med grunnleggjaren av den kongspolitikken som vart sett i system etter hans død.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.