PASOK, gresk politisk parti (sentrum-venstre). PASOK blei skipa av Andreas Papandreou etter juntaens fall i 1974.

Faktaboks

Også kjend som

Den panhellenske sosialistrørsla (nynorsk), Den panhelllenske sosialistiske bevegelsen (bokmål). Gresk Πανελλήνιο Σοσιαλιστικό Κίνημα (Panellínio Sosialistikó Kínima).

I mars 2018 slo partiet seg saman med fleire andre parti på venstresida og danna det nye partiet Rørsle for endring (Κίνημα Αλλαγής, Kinima Allagis), forkorta KINAL.

Tidlegare leiarar er Andreas Papandreou (1974–1996), Kostas Simitis (1996–2004), George Papandreou (2004–2012), Evangelis Venizelos (2012–2015) og Fofi Gennimata (2015–2021).

Valoppslutning

Mellom 1977 og 2012 var PASOK og det rivaliserande partiet Nytt demokrati skiftevis i regjering som dei to største greske partia. PASOK deltok for første gong i valet i november 1974 og fekk her 13,6 prosent av røystene. I 1981 fekk PASOK si største oppslutning nokosinne med rundt 48 prosent av røystene og danna med dette den første sosialistiske regjeringa i Hellas sidan 1924.

Ved parlamentsvalet i juni 2012 fekk PASOK knappe 12,3 prosent av røystene og 33 av 300 medlemmer i parlamentet. Etter lengre forhandlingar blei PASOK med i ei koalisjonsregjering med Nytt demokrati og Demokratiske Venstre (DIMAR). DIMAR trakk seg seinare frå regjeringssamarbeidet.

PASOK heldt fram med å falla på meiningsmålingane, og ved parlamentsvalet i januar 2015 fekk partiet sitt dårlegaste resultat sidan skipinga med berre 4,68 prosent av røystene og 13 av 300 parlamentsmedlemmer.

Ved parlamentsvalet i juli 2019, deltok PASOK og DIMAR som ein del av partiet Rørsle for endring, KINAL. KINAL fekk her 8,1 prosent av røystene og 19 av 300 medlemmer i parlamentet.

Internasjonal representasjon

I Europaparlamentsvalet i mai 2014 fekk PASOK rundt åtte prosent av røystene og to medlemmer i Europaparlamentet. Som KINAL var det eit knapt fall i røyster under Europaparlamentsvalet i mai 2019. Partiet endte på 7,7 prosent og heldt fram med to europaparlamentsmedlemmer.

PASOK er medlem av Sosialistinternasjonalen, som i dag blir leia av Georgios A. Papandreou, sonen til Andreas Papandreou. Medlemskapet er frå mars 2018 vidareført gjennom partiet KINAL.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg