Lea er eit hebraisk kvinnenamn som er laga til eit ord som tyder ‘villku’, men Lea vart tidleg assosiert med eit sterkare dyr, det latinske lea som tyder ‘løvinne’.

Namnet har fleire variantar: Lea, Leah.

Namnedag er 28. juni. Leo og Leon har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Lea

Eit utval personar med namnet Lea, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 304 kvinner i Noreg som hadde Lea som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 79 jenter som fekk namnet Lea.

Utvikling i bruk av namnet

Både Lea og Leah fekk eit sterkt oppsving rundt år 2000, og dette skjedde samtidig med den aukande internasjonale populariteten for bibelske namn, særlig mannsnamn. Stavevarianten Leah, som er meir brukt enn Lea, er i samsvar med internasjonal stavemåte. Dette tyder på at mange foreldre har vore påverka av den internasjonale trenden, for om dei hadde funne namnet i kyrkjeleg litteratur, til dømes i den norske bibelen, hadde stavemåten Lea vore meir nærliggande.

Utvikling i bruk av namnet Lea frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Lea frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Lea på 1800-talet.

Lea var klart mest brukt i Troms og Finnmark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Lea på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Lea var klart mest brukt i Troms og Finnmark.

Historisk bruk av namnet Lea
Historisk bruk av namnet Lea
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg