Faktaboks

Lagarfljót
Etymologi
løgur (genitiv lagar), ‘vann’.
Lengde
140 km
Nedbørfelt
2900 km2
Kjelde
Vatnajökull
Munning
Héraðsflói
Lagarfljót
Lagarfljót ved Egilsstaðir.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Lagarfljót er ei elv aust på Island. Lagarfljót får tilsig av smeltevatn frå nordaustsida av Vatnajökull, og kallast i sitt øvre løp Jökulsá í Fljótsdal.

I Fljótsdalur ovanfor Egilsstaðir ligg innsjøen Lögurinn med eit areal på 35 kvadratkilometer, ei lengde på 25 kilometer og eit største djup på 112 meter, noko som er 90 meter under havoverflata. Lögurinn er Islands tredje største innsjø og er heimstad til sjøormen Lagarfljótsormurinn, som er nemnt alt i 1345.

Før utløpet i Héraðsflói på nordaustkysten dannar Lagarfljót saman med granneelva Jökulsá á Dal eit større delta, Héraðssandur.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg