Faktaboks

Kviteseidvatnet
Region
Telemark
Kommune
Kviteseid
Vassdrag

Skiensvassdraget

Viktigaste tilløp
Strauman
Viktigaste utløp
Fjågesundstraumen
Areal
13,8 km2
Høgd over havet
72
Djupn
201
Volum
1280 mill. m3

Kviteseidvatnet er eit vatn i Telemarksvassdraget i Kviteseid kommune i Telemark. Kviteseidvatnet er ein djup fjordsjø; største målte djupn er 201 meter. Det er 9,2 km langt og 2,3 km på det breiaste. I den nordvestre enden strekker vatnet seg gjennom eit trongt sund enda fire kilometer innover den smale Sundkilen til Kviteseid sentrum. Kviteseidvatnet vart fyrste gongen regulert i 1892.

Kviteseidvatnet er det midtre av vatna Bandak, Kviteseidvatnet og Flåvatn, som alle ligg på same reguleringshøgde 72–69 meter over havet, med eit samla magasinvolum på 125 mill. m3. Det tronge sundet som knyter det til Bandak heiter Straumen, medan sundet nedstraums mot Flåvatn blir kalla Fjågesundstraumen. Dei tre vatna inngår i Bandak-Norsjøkanalen, og blir trafikkert av turistbåtar om sommaren.

Kart

Kviteseidvatnet
Kviteseidvatnet
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg