Faktaboks

Keflavík
Uttale
kjˈeblavi:k
Innbyggjartal
21 850 (2024)
Lufthamn
Keflavíkurflugvöllur

Keflavík er ein by på halvøya ReykjanesIsland, 35 kilometer sørvest for Reykjavík, sentrum i kommunen Reykjanesbær.

Keflavik blei grunnlagt av skotske entreprenørar på 1500-talet, som såg gode moglegheiter til å sette opp fiskeforedlingsanlegg her. Fiske og fiskeforedling er framleis viktige næringsvegar.

Keflavik har ei stor internasjonal lufthamn som blei anlagt av amerikanarane under andre verdskrigen. I åra 1951 til 2006 var ho base for amerikanske NATO-styrkar. Lufthamna blir administrert av islandske styresmakter, men basespørsmålet har i mange år vore brennbart i islandsk politikk. Keflavik er nå hovudbase for P-8 Poseidon rekognoseringsfly for å kunne møte den kraftige aktivitetsauken hos den russiske nordflåten.

På 1970-talet var Keflavik kjent for nokre av Islands beste musikarar som hadde fått inspirasjon frå amerikansk rock, noko som førte til at Keflavik blei Islands rock'n'roll-hovudstad.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg