Kommunane på Island er ei administrativ eining som har ansvar for tenester som offentleg transport, drift av grunnskular og barnehagar, sosialhjelp, tenester til funksjonshemma og eldre og avfallshandtering.
Kommunane er organisert i åtte interkommunale samband (Samband íslenskra sveitarfélaga): Austurland, Höfuðborgarsvæðið, Norðurland eystra, Norðurland vestra, Suðurland, Suðurnes, Vestfirðir og Vesturland.
Det tidlegare skiljet mellom landkommunar, hreppur, og bykommunar, kaupstaðir, er forlate. Etter at dei gamle fylka (sysler) blei nedlagt som forvaltningsnivå i 1999, har forvaltninga to nivå – sentralforvaltning og kommune. Namnet på dei gamle syslene er framleis i bruk som geografiske referansar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.