Gulen består av 80 prosent fastland og 20 prosent øyar. Dei største øyane er Sandøy (31,9 kvadratkilometer), Hisarøy (18,7 kvadratkilometer), Byrknesøy (18,7 kvadratkilometer) og Mjømna (10,3 kvadratkilometer). Fastlandet er sterkt oppskore av Gulafjorden og dens armar. Dei ytste øyane er låge, til dels myrlendte. Dei høgaste fjella finst i aust med Svadfjellet på 878 meter over havet.
Berggrunnen består av gneis som tilhøyrer Gneisregionen, og heilt i sørvest ligg nokre småøyar med devonsk sandstein som tilhøyrer devonfelta på Vestlandet. I Brekke er den største nedbøren i løpet av eit kalenderår her i landet registrert med 5596 millimeter.
Dyrelivet i Gulen omfattar hjort, rødrev, røyskatt, mår, mink, ekorn, snømus, markmus, lemen og hare. I elver og vassdrag finst sjøørret og røye. Området er rikt på havørn og sjøfugl.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.