Goðafoss
Av .
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Goðafoss er ein foss i den nordlege delen av Island, i Skjálfandafljót, med eit fall på 12 meter og ei breidde på 30 meter. Goðafoss er ein kjent turistattraksjon og blir gjerne omtala som Islands vakraste fossefall.

Fossen fekk namnet etter at lovseiemannen Þorgeir Goði på Ljósavatn blei omvendt til kristendommen i år 1000 og slengde sine gamle gudebilete i fossejuvet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg