Gaupne gamle kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1640-åra i Gaupne i Luster kommune i Vestland fylke. Kyrkja høyrer inn under Bjørgvin prosti i Bjørgvin bispedømme. Kyrkja har renessanseinteriør og portal frå ei eldre stavkyrkje. Den er eigd av Fortidsminneforeininga og er freda.
Historie
Gaupne gamle kyrkje ligg på ein graskledd bakke, omgjeven av kyrkjegarden, nær den lille tettstaden Gaupne inst i Sognefjorden. Kyrkjestaden er gamal. I eit diplom frå 1306 er det ei opplysning om «sira Olafi i Gaupna». Den tidlegare kyrkja var ei stavkyrkje. I den noverande kyrkja inngår det fleire bygningsdelar frå stavkyrkja. Etter reformasjonen blei Gaupne anneks under hovudkyrkja i Dale. Ei innskrift i våpenhuset fortel at Geble Augmundson Røneyd let oppføre den nye kyrkja i 1646.
Kyrkjebygg
Gaupne kyrkje blei bygd som ei langkyrkje med rektangulært skip og eit noko smalare, tilnærma kvadratisk kor. Kyrkja er orientert med koret mot aust. Klokketårnet står framfor den vestre enden av skipet. Den nedste delen av tårnet har same breidde som skipet, og fungerer som våpenhus og oppbevaringsrom.
Veggene i skipet og koret er av lafta tømmer, medan gavlane er av bindingsverk. Innvendig er tømmeret flattelgja. I 1659 fekk veggene i kyrkjerommet malte dekorasjonar. Utvendig er veggene kledde med sulagte bord, festa til opplenger. Delar av kledninga kan vere opphavleg. Ifølgje ei beskriving frå 1649–1652 hadde ein «Bordtecht kirchen paa siderne, och forbrugt dertill 21 tyldter [252] bord».
Hovudinngangen i vestportalen på skipet er den einaste døra i kyrkja. På dørbladet er det smijernsbeslag som verkar opphavlege. Etter ei synfaring i 1661–1665 skulle det «giøris It gott laas at settis for Kirchedørren i staden for det u–tienelig trælaas». Kyrkjas første lås ser altså ut til å ha vore av tre. Dei opphavlege vindauga hadde blyglasruter som lett fekk skadar. Det blei derfor sett inn jarnstenger og vindaugeslemmar som kunne heisast opp og ned. I 1693–1695 blei det betalt for «6 ny luger for winduerne, arbeidsløn oc luge baand».
Kyrkja hadde ein låg grunnmur av brotstein. Den enkle fundamenteringa førte til setningsskadar på tømmerveggene. I 1667–1669 betalte ein for «coret, sampt nogle stader paa kierchen at opschrue och døchtig steen mur runden ombkring underlagd».
Det firkanta vesttårnet har vegger av bindingsverk, og skråar svakt innover. Dei austre hjørnestavane står inne i skipet. Utvendig fortset kledninga på skipet over på den nedre delen av tårnet. Det same gjer taket på skipet. Også den øvre delen av tårnet har sukledning. Inngangen til våpenhuset har ei dekorert omramming som kjem frå stavkyrkja. Framfor inngangen var det tidlegare eit bislag. Dørbladet er relativt nytt, men nøkkelskiltet og ringen er av mellomaldertype. Lengst oppe er det klokkestove. I 1690 var det «3 klocher i thornit, den eine liden». Den vesle kan ha vore ei tidlegare messeklokke. Klokkene blei truleg manøvrerte med tau frå våpenhuset. No har kyrkja to gamle klokker. Tårnet har ei slak firkanta hette som verkar opphavleg. Det same gjer bordtekkinga. Til hetta er det festa eit kors av nyare dato.
I seinare tid er det utført berre mindre endringar på Gaupne gamle kyrkje. Alt på 1700-talet kan likevel taka ha blitt tekka med takstein, og blyglasvindauga erstatta med trevindauge. Omkring 1820 blei det lagt takstein frå eit lokalt teglverk. Samtidig skal tårnet ha blitt øydelagt av storm. I 1828 fekk kyrkja ei ny klokke frå Bergen.
I 1907 fekk Gaupne ei ny kyrkje. I 1909 blei derfor 1600-talskyrkja overført til Fortidsminneforeininga, og året etter blei ho reparert. I 1950–1951 blei grunnmuren utbetra. I 1965 førte påvisning av husbukk i tårnkonstruksjonen til omfattande arbeid. Orgelet er frå 1977. Vernedøra framfor vestportalen i vesttårnet blei sett opp i 1985.
Kyrkjerommet
Over skipet og koret ligg det opphavlege rikt måla takbjelkar, men det tok nokre år før loftsgolvet blei lagt. Først i 1658–1660 hadde ein «lada nedleggje ein lem offuer ald kierchen och corit». Samtidig kan loftsbjelkane i koret ha blitt kappa.
Saltaka over skipet og koret er støtta opp under av sperrebind med sperrer, saksesperrer og hanebjelke. Enkelte av delane i sperreverket er dekorerte med ein flatbunden profil og synest å stamme frå den tidlegare stavkyrkja. Taket var tekka med tjøra bord. Opphavleg kan det ha vore dobbelt sutak i koret og enkelt i skipet. Etter synfaringa i 1661–1665 heiter det at det er «storligen nødvendig Att Kirchen med Itt dubbelt suetag bleff forsiuffnet, efftersom Kirchen haffr ichon It Enkelt tag». Nokre av dei eksisterande takborda kan vere opphavlege, og dei er festa til sperrene med trenaglar. Øvst på taket lå det ein mønekam som var hogge av eitt stykke.
På grunn av dei måla dekorasjonane er kyrkjerommet i dag relativt likt det opphavlege. Arbeidet blei utført av Nils Målar i 1658–1660. Veggene i skipet og koret er gule, med store druerankar og blomeklasar, og kvite apostelfigurar i blågrøne rammer. I skipet er det måla skriftstader på takbjelkane, medan sjølve himlinga er gul. I koret er himlinga blå, med kvite stjerner, måne og sol. Etter ei synfaring i 1686 blei kyrkja beskriven som «Vell Conditionerit och Malit inden till». Også inventaret er relativt likt slik det var på 1600-talet.
Interiør og inventar
Det opphavlege alteret var truleg ein enkel trekonstruksjon, for på 1660-talet blei det ombygd og fekk eit skap for oppbevaring på baksida. I 1686 hadde kyrkja «Randa blaat AlterKlæde och hvid Alterdug», og til alterutstyret høyrde det «Kalch och Disch» og «eet pahr staggar». I kyrkja er det no ein toarma sølvstake av 1600-talstype og ein einarma koparstake frå 1701. Knefallet med dreidde spiler kan ha vore der sidan den gong. I 1688–1689 blei det betalt for «For 36 dreyede piller om alterfoden».
Katekismetavla med to dører som står på alteret, kan ha kome frå den tidlegare stavkyrkja. Midtfeltet er dekorert med truvedkjenninga, medan innviingsorda for dåpen og nattverden er måla på dørene. På toppstykket er det måla eit dansk–norsk unionsvåpen, årstallet 1589 og ei latinsk innskrift som hyllar Christian 4. I 1688 blei tavla måla.
Etter ei synfaring i 1661–1665 blei det etterlyst «Ein Schrifftestoel at giøres med ein Rundfoed udj Chorit» og ein plass for klokkaren. I tillegg skulle det vere ein stol som superintendenten og prosten kunne bruke ved visitasjon. I 1666 fekk kyrkja nye stolar i koret og eit skap til messehagelen. I koret står det no ein lukka stol i det sørvestre hjørnet og ein stol med enkelt sprinkelverk i det nordaustre. Det er også ein brudestol med spilerygg og utskjeringar på sidene og fotstykket.
Koråpninga er markert med stolpar på kvar side, og vegger av dreia spilar. Stolpane har ei påfallande enkel utforming og verkar sekundære. I 1711–1713 hadde ein «Forbetra corets dør stolpar som wilde falde». Over opninga står det ei innskrift med namna til dei som betalte for dei måla veggdekorasjonane.
Preikestolen frå 1626 i det søraustre hjørnet i skipet kjem truleg frå den tidlegare kyrkja. På sidene er det rundbua felt med evangelistar. Ifølgje synfaringa i 1661–1665 burde det skaffast «It Timeglas at Brugis paa Prædichestoelen».
Benkane på kvar side av midtgangen på skipet har rikt dekorerte gavlar og dører, og tilhøyrer den opphavlege innreiinga. Stolen i det nordaustre hjørnet har årstalet 1652 måla på den eine dørstolpen, og Skankefamiliens våpen. Kvinnene sat som vanleg på nordsida, og mennene på sørsida. Etter synfaringa i 1661–1665 trongst det «nye Bencher idu alle Quindfolchstolelene, Wil och at trei af Mandfolchstoelene noget forbedris».
Døypefonten ser ut til å ha stått i eit eige avlukke i den vestre enden av skipet. I 1661–1665 blei det peika på behovet for eit avlukke «neden i Kirchen med tralwerch omkring». Til kyrkja høyrer eit døypefat frå 1600-talet i driven messing. Ved vestportalen kan også blokka for innsamling av pengar ha vore plassert. I 1693–1695 blei det laga «ein fattigbloch af jern med laas for».
I dag fungerer Gaupne gamle kyrkje hovudsakleg som museumskyrkje, men det blir også forretta enkelte kyrkjelege handlingar, som barnedåp og bryllaup.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.