Emily Brontë var ein engelsk forfattar og kvinna bak ein av dei største romansuksessane til alle tider, Wuthering Heights frå 1847, på norsk gjerne kjent som Stormfulle høyder. Denne einaste romanen hennar hatt gitt opphav til ei lang rekke dramatiseringar, også for film og fjernsyn, og har vore omsett til norsk fem gonger.
Emily Brontë
Faktaboks
- Fødd
- 30. juli 1818, Thornton, Storbritannia
- Død
- 19. desember 1848, Haworth, Storbritannia
Eit kort liv
Emily vart dessverre ein av dei unge døde i litteraturhistoria og levde berre til ho var 30. Ho var det femte barnet i Brontë-familien, men opplevde som lita at mora og dei to eldste søstrene døydde (1821 og 1825). Av dei attlevande vart Emily spesielt knytt til yngstesøstra, Anne. Ikkje berre leikte dei to saman som om dei var tvillingar, men skreiv også mengder med forteljingar og dikt om fantasilandet Gondal og alle som budde der.
Ytre og indre liv
Ytre sett var Emily sitt liv stort sett stille, sidan ho budde det aller meste av tida på farens landlege prestegard, Haworth i Yorkshire. Men det indre livet må ha vore rikt og frodig å dømme etter romanen og dikta ho etterlét seg.
Den første som skreiv om Emily, var Charlotte, og ho skildra søstera som sky og nesten usosial i sine vanar, ein person som likte seg best heime eller i naturen og saman med dyr. Vi veit at Emily ikkje heldt ut lenge dei to gongene ho starta på kostskule og måtte sendast heim. Den første gongen var det for å berge livet då dei to søstrene Maria og Elizabeth døydde av tyfus og tuberkulose. Men den andre gongen var det av mistrivsel. Om lag eit kort skuleår jobba ho også som lærar, men orka ikkje presset.
Ut i verda
Det som ikkje passar heilt inn i bildet av det stille, avsondra livet, er tida i Brussel saman med Charlotte. Her fekk Emily tilbod om å arbeide som pianolærar etter at ho hadde kvalifisert seg, men då tanta døydde, måtte søstrene reise heim til Yorkshire for å ta seg av faren. Det er nyttelaust å spekulere på ei alternativ og lengre framtid for søstrene om dei hadde blitt lærarar i Brussel og ikkje sendt heim til den tuberkuløse familien.
Var ho sky?
Mange som skriv om Emily utover 1800- og 1900-talet, presenterer henne som sjenert og litt sær fordi dei bygger på det Charlotte skreiv. Den sky Emily Brontë er nesten blitt ein mytisk figur. Difor kan det vere eit nyttig korrektiv å lese korleis hennar eigen mannlege lærar i Brussel oppfatta henne i 1842, då ho var tjuefire:
«Ho skulle vore mann – ein stor navigatør. Med sin kraftfulle forstand ville ho ha funne nye område å utforske, bygd på gamal kunnskap, og hennar sterke, sjølvrådige vilje ville aldri ha blitt skremt av motstand eller vanskar, ville aldri gitt opp så lenge der er liv. Ho hadde hovud for logikk, og ei argumentasjonsevne som er uvanleg hos menn og endå sjeldnare hos kvinner … det som hindra denne gåva, var ei staheit og viljestyrke som gjorde henne døv for all fornuft dersom eigne ønske eller eigen rettferdssans stod på spel.»
(Constantin Heger, sitert i The Oxford History of the Novel in English, 2011, Bind 3, side 208.)
Tonen i verket
Dette stemmer noko betre med hennar litterære verk, som så visst ikkje er prega av nokon sky og sjenert tone, tvert om. Dikta har ei klar, personleg stemme, og romanen er blitt sett på som nesten maskulin med si valdsame og skjebnetunge handling.
To sjangrar
Heilt frå ho var barn, skreiv Emily like gjerne poesi som forteljingar, sidan fantasiuniversa også inneheldt mange dikt. Som vaksen samla ho desse Gondal-dikta i ei eiga notatbok, medan ei anna var full av lyriske dikt. Det var faktisk Emily sine dikt som vart startskotet for Brontë-søstrene si forfattarkarriere. Då Charlotte oppdaga dikta, ville ho gjerne sende dei til eit forlag, men Emily vart først sint fordi søstrene las hennar private tekstar. Då Anne kom fram med sin eigen bunke hemmelege dikt, og Charlotte hadde om lag like mange, vart det nok til ei felles samling i 1847, under pseudonyma Currer, Ellis og Acton Bell.
Emily rakk forresten aldri å sjå sitt eige namn på eit bokomslag, sidan det skjedde først i 1850. Diktsamlinga blei stort sett oversett då ho kom, men gav søstrene mot til å gi ut romanane sine. I nyare tid er ikkje minst Emily sine dikt blitt gjenoppdaga og ikkje så sjeldan å finne på pensumlister og i antologiar.
Sta til døden
Det ser ut som Constantin Heger hadde rett i at Emily var sta, for då familien prøvde å få henne til legen i november 1848, nekta ho plent. Først den dagen ho døydde, fekk Charlotte lov å hente legen, men då var det for seint.
Som ei tragisk gjentaking av det som skjedde over tjue år tidlegare, vart familien igjen hardt ramma då Emily og to søsken alle døydde i løpet av åtte månader i 1848–1849; Branwell i september, Emily i desember og Anne i mai. Då var det berre Charlotte og faren Patrick att av familien på åtte.
Etterliv
Det er om lag 200 år sidan Brontë-søstrene vart fødde, Charlotte i 1816, Emily i 1818 og Anne i 1820. Dei er i dag mykje meir leste og brukte i ulike samanhangar enn dei rakk å bli i si levetid, då berre Charlotte levde lenge nok til å få ein viss status som forfattar.
Verk
- Poems by Currer, Ellis and Acton Bell, 1846
- Wuthering Heights, 1847
Romanen
Wuthering Heights handlar om dei to Yorkshire-familiane Linton og Earnshaw og heimane deira, Thrushcross Grange og Wuthering Heights. Då den foreldrelause Heathcliff blir adoptert inn i Earnshaw-familien, set det i gang ei kjede av mellommenneskelege drama som endar tragisk for dei fleste. Her er det søskensjalusi, arroganse, kjærleik i konflikt med klasseskilje og eit sterkt inntrykk av den destruktive krafta i hat og hemn.
Romanen har ein kombinasjon av to forteljarstemmer. Den eine er eit augevitne, familien sin tenar Ellen (Nelly) Dean, som fortel historia om Heathcliff og Catherine, og om neste generasjon, Cathy og Hareton. Denne er sett inn i ei rammeforteljing ved ein framand mannleg gjest, Lockwood. Han observerer dei heller sære folka og tilhøva og skjøner ikkje kva som ligg bak, før han høyrer historien om dei.
Dette er ein historisk roman frå siste del av 1700-talet, opp til Lockwood sine to besøk i 1801. Boka har klare gotiske element, som når den døde Catherine viser seg i vindauget om natta og skremmer vettet av Lockwood, men nesten forfører Heathcliff. Dei sterke uttrykka for sosial og kjenslemessig konkurranse og dei valdsame skifta frå kjærleik til hat og mistru har gjort at ein del lesarar og kritikarar heilt frå starten har meint at romanen umogleg kan vere skriven av ei kvinne. Nokre spekulerte i at det måtte vere broren Branwell som stod bak, men Charlotte avkrefta dette bestemt og var heilt klar på at det var Emily som hadde skrive romanen.
Kanskje stemmer ikkje romanen med myten om den stille kvinna som knapt torde ta nokon plass i verda. Men det stemmer ganske godt med portrettet til Heger, der Emily Brontë har styrke og staheit og nesten burde vere mann og sjøfarar som oppdagar nye land.
Filmversjonar
Wuthering Heights har vore svært populær på film og fjernsyn. Den første adaptasjonen var ein stumfilm i 1920, men denne ser ut til å ha gått tapt. Den mest berømte versjonen i den tidlege fasen var 1939-klassikaren med Merle Oberon som Catherine og Laurence Olivier som Heathcliff. Den som vil ha adaptasjonar som dekkjer meir enn halve boka, vil ha betre sjanse til å finne det i ein av dei mange fjernsynsversjonane, til dømes versjonen frå 1962 med Claire Bloom og Keith Michell eller versjonane frå 1967 og 1978.
Ein av dei mest likte er 1970-filmen der Anna Calder-Marshall er Catherine og Timothy Dalton spelar Heathcliff, tretten år før han spelte Mr. Rochester i Jane Eyre (seinare vart han også James Bond). Nyare versjonar er David Skynners fjernsynsfilm frå 1998, miniserien frå 2009 med Tom Hardy og Charlotte Riley i rollene, og Andrea Arnolds film frå 2011.
Det er også blitt laga fleire filmatiseringar på andre språk, til dømes i Italia, Brasil, Japan, Filippinene og Mexico. Nokre filmar har moderne setting, til dømes lagt til California i 2015 eller England i 2002, denne siste er ein av få med annan tittel enn originalen: Sparkhouse.
Det er Heathcliff som ofte framstår som den eigentlege hovudpersonen, og i California-varianten er Heathcliff meksikansk immigrant, medan han i 2011 er ein svart gut/mann (James Howson) i engelsk landskap. Han har fått sin eigen musikal i Heatchliff frå 1997, der Cliff Richard tolkar hovudrolla litt snillare enn vanleg (musikk av John Farrar og tekst ved Tim Rice).
I 1992 vart paret spelt av Ralph Fiennes og Juliette Binoche, medan den då nye stjerna Sinead O’Connor hadde ei lita rolle som Emily Brontë sjølv, som innleier handlinga.
Songarar
I tillegg til Cliff Richard og Sinead O’Connor hadde Kate Bush stor suksess med songen Wuthering Heights i 1978, same år som ein fem-episoders fjernsynsserie vart vist. Her gir ho stemme til Catherine som prøver å kome seg inn til Heathcliff etter sin død:
«Heathcliff, it’s me, I’m Cathy
I’ve come home, I’m so cold
Let me in through your window»
Norske omsetjingar
Romanen har blitt omsett til norsk fleire gonger etter midten av 1900-talet, alle på bokmål og med tittelen Stormfulle høyder, med unntak av den siste, som er ei fersk omsetjing på nynorsk:
- 1945, omsett av Vilda Solvang, ny utgåve i 2012
- 1964, omsett av Finn Aasen, nye utgåver til dømes i 1991 og 2000
- 1973, omsett av Daisy Schjelderup, nye utgåver i 1992, 1995, 1999
- 2004, omsett av Ragnfrid Stokke, nye utgåver i 2005, 2014, 2019
- 2019, Stormfulle høgder, omsett av Ragnar Hovland og Øystein Vidnes
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Alexander, Christine & Margaret Smith, red. (2003): The Oxford companion to the Brontës.
- Barker, Juliet R.V..(1994) The Brontës.
- Bentley, Phyllis (1969). The Brontës and their world.
- Hazette, Valerie V. (2015). Wuthering Heights on film and television: a journey across time and cultures, Bristol.
- Padgett, Jaqueline & Shouhua Qi (red.). (2014). The Brontë sisters in other wor(l)ds, Basingstoke.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.