Dettifoss
Dettifoss
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Dettifoss er Islands største foss, 45 meter høg og 100 meter brei. Dettifoss styrtar loddrett ned i ei 24 kilometer lang og 150 meter djup, smal kløft.

Fossen er danna av breelva Jökulsá á Fjöllum, som kjem frå Vatnajökull og renn nordover. Vassføringa er på sitt høgaste i august, og fossen har størst vassføring av alle fossar i Europa, meir enn 500 kubikkmeter per sekund.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg