Aron (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Aron
Eit utval personar med namnet Aron, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Árón Hjǫrleifsson (1199–1255)
- Sigfrid Aron Forsius (1500–1624)
- Pär Aron Borg (1776–1839)
- Áron Gábor (1814–1849)
- Meïr Aron Goldschmidt (1819–1887)
- Áron Tamási (1897–1966)
- Aron Borelius (1898–1984)
- Aron (yppersteprest)
Namnestatistikk
I 2022 var det 2 646 menn i Noreg som hadde Aron som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 108 gutar som fekk namnet Aron.
Utvikling i bruk av namnet
Aron er blant dei bibelske namna som vart populære rundt år 2000. Andre døme på bibelske namn med liknande kurveprofil er Adam, Benjamin, David, Filip, Joakim, Lukas, Markus, Mathias, Mikael, Noah og Ruben. Populariteten for slike bibelske namn kan sjåast i samanheng med det internasjonale oppsvinget for desse namna dei siste åra.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Aron var mest brukt i Nord-Noreg, særleg Finnmark. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Aaron.)
Les meir i Store norske leksikon
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.