Storeggaskredet er eit undersjøisk skred i Norskehavet som gjekk for ca. 8150 år sidan. Det er sagt å vera det største skredet som er kartlagt på jorda.
Den bratte kanten bak skredgropa er 310 km lang. Flatemålet til massane som rasa ut er nesten like stort som Belgia. Skredmassane er vurderte til å ha eit volum på 2400–3200 km3 – det svarar til eit 25–30 cm tjukt lag som ville ha dekka heile USA.
Skredet utløyste ein svær tsunami som det er spor etter langs Norskekysten, frå Bømlo i sør til Nordkapp i nord, i Skotland, på Shetland og på Færøyane.
Den lange skredkanten, bakveggen, fekk namnet ‘Storegga’ av norske fiskarar. I meir enn 300 år er det dokumentert fiske på Storegga, og langs skredkanten er fisket ofte godt. På innsida av skredet, mot Noreg, er vassdjupet ca. 250 m, men på utsida av skredkanten søkk djupet til 500–600 m. I den sentrale delen i skredgropa manglar 300–400 m tjukke sediment, som har rasa ut.
Tabell: Storeggaskredet | |
---|---|
Arealet av heile skredet | 95 000 km2 |
Arealet av skredgropa (det som rasa ut) | 27 000 km2 |
Lengde på skredkanten/bakveggen | 310 km |
Brattaste helling på skredkanten | 35° |
Utlaupslengde, total | 810 km |
Vassdjupet øvst ved skredkanten | 150-400 m |
Vassdjupet nedst i avsetjingsområdet | 3800 m |
Gjennomsnittleg helling | < 1,0° |
Totalt volum | 2400-3200 km3 |
Alder | ca. 8150 år før notid (eldre steinalder) |
Ormen Lange gassfeltet
Ein av grunnane til at me veit mykje om Storeggaskredet er funnet av gassfeltet Ormen Lange (https://snl.no/Ormen_Lange_-_petroleumsfelt), djupt under skredgropa. For å finna ut om skredkanten var stabil, slik at ein trygt kunne plassera installasjonar og røyrleidningar i skredgropa for å transportera gassen, vart det samla inn geologiske data frå heile skredområdet. Konklusjonen etter analysane av dette materialet var at skredkanten er stabil og det er liten risiko for eit nytt skred. Gassfeltet vart sett i produksjon i 2007.
Skredmassane
Massane som sklei ut er lag av morenemateriale i veksling med lag av leire og silt, såkalla konturittar. Under istidene (https://snl.no/istid) gjekk det Skandinaviske isdekket heilt ut til skråninga og avsette morenemateriale på sokkelen og nedover på skråninga. Dette materialet er relativt kompakt, med omtrent like mengder med leire, silt og sand. Når isbreen var borte la mjuk leire og silt seg over morenematerialet. Denne leira, med høgt innhald av vatn i poreromma, vart avsett under den Nordatlantiske havstraumen som strøymer nordover langs skråninga. Denne avsetjinga av silt og leire vert kalla ein konturitt. Namnet kjem frå ‘kontur’ og syner til at finstoffet er avsett langs linene som syner kotene på eit kart. (https://snl.no/Den_nordatlantiske_str%C3%B8mmen).
Alle glideplana for Storeggaskredet ligg i desse konturittane. Geotekniske undersøkingar synte at denne leira er mjuk og at den har ein tendens til å missa styrke ved strekk og belastningar.
Skredmekanismen
Skredet utvikla seg retrogressivt. Det betyr at skredet starta med ei mindre utgliding ein stad i den nedre delen av skråninga. Deretter forplanta skredet seg bakover og oppover skråninga ved at mindre og større bitar gleid ut i ein bakovergripande prosess. Prosessen stoppa til slutt øvst oppe ved eggakanten. Denne skredprosessen, der blokker med materiale glir på ei slak skråning, vert kalla lateral spreiing. Skredmekanismen for Storegga liknar mykje på korleis eit kvikkleireskred på land (https://snl.no/kvikkleire) utviklar seg.
Prosessen
Mykje av skråninga der skredet glei er i praksis flatt, berre 0,3° til 2° helling. Korleis kan noko gli ut på så slake skråningar?
Ein viktig faktor er at fastheita til konturittlaga (leirelaga), som fungerte som glideplan, vart betydeleg svekka på grunn av strekk under skredprosessen. Avlastinga i den nedre delen av skråninga, frå den første utglidinga, sette att ein skredkant. Den tidlegare støtta frå massane nedom var no borte. Massane bakom og oppover skråninga pressa på nedover, og det vart eit lite sig i massane ned mot den nye skredkanten. Dette siget, kanskje berre på nokre ti-tals centimeter, førte til eit strekk i leirelaget. Strekket gjorde at leira vart mjukare og svakare, truleg forsvann ein vesentleg del av styrken til laget. Denne prosessen vert kalla skjerstyrkereduksjon (på engelsk: strain softening) og er også typisk for kvikkleireskred.
Ein anna faktor er høgt poretrykk som også reduserer skjerstyrken. Når breen under istidene gjekk fram til Storegga vart det dumpa mykje sediment oppå konturitten. Konturitten har mykje porerom mellom sedimentkorna. Vatnet i dette porerommet vart «fanga» under dei kompakte morenemassane og poretrykket auka slik at friksjonen mellom partiklane i konturittlaget minka og massane kunne lettare gli ut.
Utløysing
Men kva var det som sette Storeggaskredet i gong? Den retrogressive skredmekanismen forklart over forutset at noko løyser ut eller set i gong den første utglidinga ein stad nede i skråninga. Ein teori er at eit stort jordskjelv har utløyst det første skredet. Så forplanta skredet seg bakover, retrogressivt, ved skjerstyrkereduksjon, om lag som dominobrikkar når den første brikken fell bakover…
Tsunamibølgja
Skredet sette i gong ein stor tsunami (https://snl.no/tsunami). Avsetjingar frå tsunamien er funne i innsjøar nær havnivå langs norskekysten, i sedimenta i drukna elvedalar (estuarier, https://snl.no/estuar) i Skotland og i torv på Shetland. Spora kan følgjast opp til 3–20 m over dåtidas havnivå. Tsunamien er også modellert numerisk og syner korleis den forplanta seg inn i Nordsjøen, langs norskekysten og vestover til Shetland, Skotland, Færøyane og Island.
Alder
Den mest nøyaktige tidfestinga av hendinga er C-14 dateringar (https://snl.no/C-14-datering) av mosestenglar, gravlagde i Storegga-tsunamiavsetjingar på land. Desse mosane var framleis svakt grøne på farge då dei vart funne, og som det er god grunn til å tru var i live og blei drepne under tsunamien. Desse er datert til 8140 ± 30 år før notid. Skal av foraminiferar (https://snl.no/foraminiferer) som vart funne rett oppå skredavsetningane er daterte til 8200 ± 250 år før notid.
Litteratur
Bryn et al. (2005). Explaining the Storegga Slide. Marine and Petroleum Geology 22, 11-19.
Bondevik, S. (2019). Tsunami from the Storegga Landslide. In R. A. Meyers (Ed.), Encyclopedia of Complexity and Systems Science (pp. 1–33). Springer. 10.1007/978-3-642-27737-5_644-1
Les mer i Store norske leksikon