Faktaboks

Innbyggjartal
11 565 (2024)
Landareal
157 km²
Eyrarbakki
Eyrarbakki er ein gammal handelsplass på sørkysten.
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Árborg er ein kommune på sørvestkysten av Island. Kommunen omfattar den vestre delen av låglandet Flói mellom elvene Ölfusá og Þjórsá.

Kommunesenteret Selfoss ved Ölfusá er eit sentralt handels- og servicesenter i regionen.

Ved kysten ligg dei eldre busetnadene Eyrarbakki og Stokkseyri. Eyrarbakki var i tidlegare tider den største hamna på sørkysten og har bevart mange eldre hus.

Árborg er vennskapskommune med Arendal.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg