World Idol
World Idol var den fyrste og einaste internasjonale versjonen av fjernsynsserien Idol, og vart arrangert i desember 2003, medan vinnaren vart presentert 1. januar 2004. Deltakarane var dei fyrste nasjonale Idol-vinnarane frå 11 nasjonar. Etter å ha presentert deltakarane skulle sjåarane frå dei 11 deltakande nasjonane røyste på kven dei syntest var flinkast, utan å røyste på deltakaren frå sitt eige land. Alle deltakarane song på engelsk bortsett frå Diana Karazon frå Saudi-Arabia som song på arabisk. Vertane for programmet var dei britiske programleiarane «Ant og Dec».
Idol-dommaren Simon Cowell var svært kritisk til formatet, og gjekk så langt som å seie at han hata det. Han meinte òg at det førte til at vinnarane frå dei 10 landa som ikkje vann World Idol ville verte sett på som taparar. Han deltok likevel som dommar i programmet.
Deltakarar
[endre | endre wikiteksten]11 land har deltatt minst ein gong i tevlinga. Her er ei oversikt over desse landa etter kva for år dei debuterte:
År | Land som debuterte i tevlinga |
---|---|
2003 | Australia, Belgia, Canada, Nederland, Noreg, Polen, Saudi-Arabia, Storbritannia, Sør-Afrika, Tyskland, USA |
Vinnarar
[endre | endre wikiteksten]År | Vertsby og land | Vinnarland | Vinnarsong | Artist | Språk |
---|---|---|---|---|---|
2003 | London i Storbritannia | Noreg | «Beautiful Day» | Kurt Nilsen | Engelsk |
Resultat
[endre | endre wikiteksten]Poenga vart gjevne på same måte som i Eurovision Song Contest, og var:
Plassering | Deltakar | Land | Poeng | Song | Original artist |
---|---|---|---|---|---|
1 | Kurt Nilsen | Noreg | 106 | «Beautiful Day» | U2 |
2 | Kelly Clarkson | USA | 97 | «You Make Me Feel (Like A Natural Woman)» | Aretha Franklin |
3 | Peter Evrard | Belgia | 83 | «Lithium» | Nirvana |
4 | Heinz Winckler | Sør-Afrika | 80 | «I Don't Want To Miss A Thing» | Aerosmith |
5 | Will Young | Storbritannia | 72 | «Light My Fire» | José Feliciano |
6 | Ryan Malcolm | Canada | 62 | «He Ain't Heavy, He's My Brother» | The Hollies |
7 | Guy Sebastian | Australia | 56 | «What A Wonderful World» | Louis Armstrong |
8 | Alicja Janosz | Polen | 55 | «I Don't Know How To Love Him» | Jesus Christ Superstar |
9 | Alexander Klaws | Tyskland | 45 | «Maniac» | Michael Sembello |
10 | Diana Karazon | Saudi-Arabia | 45 | «Ensani Ma Binsak» | Diana Karazon |
11 | Jamai Loman | Nederland | 36 | «Sorry Seems To Be The Hardest Word» | Elton John |
Dommarar
[endre | endre wikiteksten]Det var med dommarar frå alle deltakande nasjonar. Dommarane var:
- Randall Abrahams
- Simon Cowell (representerte USA, men var også dommar i det britiske programmet)
- Nina De Man
- Ian Dickson
- Shona Fraser
- Jan Fredrik Karlsen
- Elias Rahbani (Libanon)
- Henkjan Smits
- Pete Waterman
- Zack Werner
- Kuba Wojewodzski