Wildflowers
Wildflowers Studioalbum av Tom Petty | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. november 1994 | |
Innspelt | 1992–94 in Los Angeles, CA at Sound City and Ocean Way Recording | |
Sjanger | Heartland rock | |
Lengd | 62:48 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Rick Rubin, Tom Petty, Mike Campbell | |
Tom Petty-kronologi | ||
---|---|---|
Greatest Hits (1993) |
Wildflowers | Songs and Music from «She's the One» (1996)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Robert Christgau | B–[2] |
The Essential Rock Discography | 7/10[3] |
MusicHound | [4] |
NME | 8/10[5] |
Rolling Stone | [5][6] |
Virgin Encyclopedia of Popular Music | [7] |
Wildflowers er det andre soloalbumet til Tom Petty, gjeve ut 1. november 1994. Albumet var det første Petty gav ut etter å ha fått kontrakt hos Warner Bros. Records (der han hadde vore som ein del av Traveling Wilburys) og det første av tre album produsert av Rick Rubin.
Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet mellom 1994 og 1995, den mest suksessrike var «You Don't Know How It Feels», som nådde 13. plassen på Billboard Hot 100 og toppa Album Rock Tracks-lista i ei veke.
Alle medlemmane i Heartbreakers er medverkande på albumet, utanom trommeslagaren Stan Lynch. Steve Ferrone speler trommer på Wildflowers og vart sidan med i bandet året etter. Albumet vart ikkje marknadsført som eit the Heartbreakers-album, fordi som Petty sa «Rick (Rubin) og eg ønskte begge meir fridom enn å vere knytte til fem karar».[8] Petty valde likevel å nytte det meste av det faste bandet sitt som studiomusikarar. Rolling Stone plasserte Wildflowers på 12. plassen på lista si over dei beste albuma i 1990-åra.[9] Guitar World sette albumet på 49. plassen på lista si kalla «Superunknown: 50 Iconic Album That Defined 1994».[10]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Tom Petty, utanom der andre er nemnde..
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Wildflowers» | 3:11 |
2. | «You Don't Know How It Feels» | 4:49 |
3. | «Time to Move On» | 3:15 |
4. | «You Wreck Me» (Petty, Mike Campbell) | 3:22 |
5. | «It's Good to Be King» | 5:10 |
6. | «Only a Broken Heart» | 4:30 |
7. | «Honey Bee» | 4:58 |
8. | «Don't Fade on Me» (Petty, Campbell) | 3:32 |
9. | «Hard on Me» | 3:48 |
10. | «Cabin Down Below» | 2:51 |
11. | «To Find a Friend» | 3:23 |
12. | «A Higher Place» | 3:56 |
13. | «House in the Woods» | 5:32 |
14. | «Crawling Back to You» | 5:05 |
15. | «Wake Up Time» | 5:19 |
«Girl on LSD» vart òg spelt inn for albumet, men vart fjerna av Warner Bros. på grunn av teksten,[treng kjelde] og vart i staden gjeven ut som ei B-side til «You Don't Know How It Feels». Fleire songar på She's the One var opphavleg spelt inn for dette albumet. «Leave Virginia Alone» var ein annan song skriven og spelt inn under innspelinga av dette albumet, og vart gjeven til Rod Stewart for albumet A Spanner in the Works.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Tom Petty – 12- og 6-strengs akustisk og elektrisk gitarar, munnspel, piano, orgel, vokal
- Mike Campbell – 6 og 12-strengs gitarar (bass, slide, elektrisk, akustisk), cembalo, coral sitar
- Benmont Tench – harmonium, piano, orgel, mellotron, zenon
- Howie Epstein – støttevokal, bass
- Steve Ferrone – trommer utanom på «To Find a Friend»
- Michael Kamen – orkestrering, dirigent
- Ringo Starr – trommer på «To Find a Friend»
- Lenny Castro – perkusjon
- Phil Jones – perkusjon
- John Pierce – bass
- Jim Horn – saksofon på «House in the Woods»
- Brandon Fields – saksofon på «House in the Woods»
- Greg Herbig – saksofon på «House in the Woods»
- Kim Hutchcroft – saksofon på «House in the Woods»
- Marty Rifkin – pedal steelgitar på «House in the Woods»
- Carl Wilson – korvokal på «Honey Bee»
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wildflowers (Tom Petty album)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. april 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ AllMusic review
- ↑ Robert Christgau review
- ↑ Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Discography. Edinburgh, UK: Canongate. s. 816. ISBN 978-184195-827-9.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 870. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ 5,0 5,1 Platemeldingar at CD Universe
- ↑ Rolling Stone review
- ↑ «Tom Petty Wildflowers». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 11. mars 2015.
- ↑ Petty, Tom: Conversations with Tom Petty, page 142. Omnibus Press, 2005.
- ↑ «100 Best Album of the Nineties: Tom Petty, 'Wildflowers' | Rolling Stone | Lists». Rolling Stone. Henta 27. mars 2015.
- ↑ «Superunknown: 50 Iconic Album That Defined 1994». GuitarWorld.com. 14. juli 2014. Henta 14. juli 2014.[daud lenkje]
215: American Beauty Grateful Dead |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2020 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 214 Wildflowers Tom Petty |
213: The Idler Wheel Fiona Apple |