Vladimir Dubrovsjtsjik
Vladimir Dubrovsjtsjik | |
Statsborgarskap | Belarus, Sovjetunionen |
Fødd | 7. januar 1972 (52 år) Hrodna |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996 |
Vladimir Vladimirovitsj Dubrovsjtsjik[a] (fødd 7. januar 1972) er ein kviterussisk tidlegare diskoskastar som vart europameister i 1994 og tok sølvmedaljen både under VM 1995 og OL 1996. Det lengste kastet hans er på 69,28 m og frå 2000.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Dubrovsjtsjik vann gullmedaljen i diskoskast under EM i friidrett 1994. Med 64,78 m i sitt beste kast, vann han han ei jamn tevling med ein margin på 22 cm til russaren Dmitrij Sjevtsjenko som tok sølv og tyske Jürgen Schult på bronseplass med 64,18 m. Dubrovsjtsjik vart den fyrste frå Kviterussland som vart europameister i friidrett. Året etter fekk han sølvmedaljen under friidretts-VM i Göteborg med 65,98 m, Lars Riedel frå Tyskland vann ein klar siger med 68,76 m, medan Dubrovsjtsjik sin kandsmann Vassil Kapzjukh fekk bronse med 65,88 m.
Sølv vann Dubrovsjtsjik også under dei olympiske leikane 1996 i Atlanta. Med 66,60 m hamn også her langt bak Riedel på 69,40 m, men føre bronsevinnar Kapzjuch på 65,80 m. Ved VM 1997 i Aten hamna Dubrovsjtsjik på fjerdeplassen med eit kast på 66,12 m, to centimeter bakom bak bronsemannnen Jürgen Schult frå Tyskland. I universiaden 1997 gjekk Dubrovsjtsjik heilt til topps i diskos-tevlinga.
I dei neste store meisterskapane; EM 1998, VM 1999 og OL 2000 vart Dubrovsjtsjik høvesvis nummer seks, seks og sju i diskoskasting etter bestekast på kring 64-65 meter.
Dubrovsjtsjik vart kviterussisk meister i diskoskasting i åra 1993-96, samt 1999. Det lengste kastet hans er på 69,28 m og vart oppnådd i Minsk 3. juni 2000. Han la opp etter 2001-sesongen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 1993 i Stuttgart: Utslått i kvalifiseringa (60,38 m – nr 16)
- EM 1994 i Helsingfors: Gullmedalje – 64,78 m, framom Dmitrij Sjevtsjenko (64,56 m)
- VM 1995 i Göteborg: Sølvmedalje – 65,98 m, bakom Lars Riedel (68,76 m)
- OL 1996 i Atlanta: Sølvmedalje – 66,60 m, bakom Lars Riedel (69,40 m)
- VM 1997 i Aten: Nr 4 – 66,12 m, bakom Jürgen Schult (66,14 m)
- EM 1998 i Budapest: Nr 6 – 63,96 m
- VM 1999 i Sevilla: Nr 7 – 64,00 m
- OL 2000 i Sydney: Nr 7 – 65,13 m
- VM 2001 i Edmonton: Utslått i kvalifiseringa (61,73 m -nr 13)
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Kyrillisk skrift Владимир Владимирович Дубровщик
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Uladsimir Dubrouschtschyk» frå Wikipedia på tysk, den 12. september 2014.