Ungkar
Ungkar eller dreng er frå gammalt av nemninga på ein ugift mann. Nemninga kan brukast om mannen gjennom heile livet så lenge han aldri har vore gift (eller sambuar i moderne samanheng). Ein enkjemann er ikkje rekna som ungkar.
Det blir ofte lagt noko positivt i omgrepet. Uttrykk som «ungkar og spelemann» og «innbitt ungkar» viser til ein viss fridom i det å ha unngått ekteskapet.[1] Ein «ettertrakta ungkar» går att som helt i mange romantiske forteljingar. For eldre ungkarar finst det derimot mindre positive uttrykk som «attergløyming» og «peparsvenn».[2]
Busetar viser til ein ungkar som bur hjå andre eller som driv gard.[2]
Ugifte kvinner er tradisjonelt blitt omtala som «frøken» eller dei meir nedsetjande «gammal jomfru» og «peparmøy». Desse er i nyare tid blitt avløyste av nylaginga «ungkarskvinne».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Heidi Elisabeth Sandnes, «Verken ofre eller patetiske» ved forskning.no, 5. april 2009
- ↑ 2,0 2,1 Søk etter ungkar i Bokmåls- og Nynorskordboka