Tyne
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Tyne i Skottland. For fleire tydingar, sjå Tyne (fleirtyding).
Tyne | |||
elv | |||
Tyne i Tyne and Wear, med South Shields på den sørlege og North Shields på den nordlege elvebreidda, sett frå Bill Quay.
| |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 2 145 km² | ||
Lengd | 100 km | ||
Hovudkjelde | South Tyne | ||
- stad | Alston Moor | ||
Sekundærkjelde | North Tyne | ||
- stad | Deadwater Fell, Kielder, Northumberland | ||
Munning | Tynemouth | ||
- stad | South Shields | ||
- koordinatar | 55°0′37″N 1°25′8″W / 55.01028°N 1.41889°W | ||
Tyne i England 55°00′37″N 1°25′08″W / 55.010277777778°N 1.4188888888889°W | |||
Wikimedia Commons: River Tyne, England |
Tyne er ei elv nord i England. Ho startar som to separate elver, Nord-Tyne og Sør-Tyne, som renn saman ved Acomb i Northumberland. Sør-Tyne har utspringet sitt ved Alston Moor i Cumbria, og renn gjennom ein dal som ofte blir kalla Tyne Gap, sør for Hadrianmuren. Ho går forbi byane Haltwhistle og Haydon Bridge. Nord-Tyne oppstår ved grensa til Skottland, nord for Kielder Water, og renn ikkje forbi nokre større busetjingar før Hexham.
Elva kjem inn i grevskapet Tyne and Wear, som har namnet sitt etter Tyne og elva Wear, ved Prudhoe. Ho renn så gjennom Newcastle upon Tyne, der ho blir kryssa av sju bruer, forbi Jarrow og Tyneside òg til utløpet til Nordsjøen ved Tynemouth. Ved Tyneside markerer elva den gamle grensa mellom grevskapet Durham og Northumberland.
Frå 1200-talet var Tyne ei viktig transportåre for kol frå dei rike kolfelta i Nordaust-England. Dette heldt seg fram til nedgangen i gruveindustrien på 1900-talet. Ved Dunston er eit kolastingsanlegg i tre verna.
Nedre del av elva var på slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet av dei viktigaste sentera for skipsbygging. Det er enno store skipsverft ved Wallsend og Jarrow. For å betre kåra for denne industrien vart det gjort store endringar langs denne delen av elva på andre halvdelen av 1800-talet; øyar vart grave vekk og svingar i elva vart retta ut.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tyne (England)» frå Wikipedia på bokmål, den 4. juli 2011.