Turn! Turn! Turn!
Turn! Turn! Turn! singel av The Byrds frå albumet Turn! Turn! Turn! | ||
B-side |
«She Don't Care About Time» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 29. oktober 1965 | |
Innspelt | September 1965, Columbia Studios, Hollywood, CA | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 3:49 | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | Pete Seeger | |
Tekstforfattar | Pete Seeger, DP, Fondo Nacional de las Artes | |
Låtskrivar(ar) | Forkynnaren, Pete Seeger | |
Produsent | Terry Melcher | |
The Byrds-kronologi | ||
«All I Really Want to Do» (1965) |
Turn! Turn! Turn! | «Set You Free This Time» (1966)
|
«Turn! Turn! Turn! (to Everything There Is a Season)», ofte forkorta til «Turn! Turn! Turn!» er ein song som er henta frå Forkynnaren i Bibelen (med unntak av den siste linja) og sett til musikk av Pete Seeger i 1959. Seeger venta til 1962 før han spelte inn si eiga utgåve av songen, og gav han ut på The Bitter and the Sweet på Columbia Records.[1] 45% av alle honorara for songen er donerte til Israeli Committee Against House Demolitions, fordi som Seeger sa: «(i tillegg til musikken) skreiv eg seks ord».[2] Songen vart ein internasjonal hit seint i 1965 då han vart spelt inn av The Byrds. Deira utgåve nådde førsteplassen i USA og 26. plass i Storbritannia.
Teksten og tittelen
[endre | endre wikiteksten]Teksten er henta nesten ordrett frå Forkynnaren, slik ein finn han i Kong Jakob-bibelen frå 1611[3], sjølv om ordrekkefølgja er endra for songen. Forkynnaren vert tradisjonelt tilskriven kong Salomon.
« |
|
» |
Den bibelske teksten fastslår at det er ein tid og stad for alt: latter og sorg, læking og drap, krig og fred osv. Linjene er opne for mangfaldige tolkingar, men i songen får dei som regel tydinga om ei bøn om verdsfred, med vekt på den siste linja: «a time for peace, I swear it's not too late.» Denne linja og tittelen «Turn! Turn! Turn!» er dei einaste som Seeger skreiv sjølv.[1]
Andre utgåver
[endre | endre wikiteksten]Tidlege viseutgåver
[endre | endre wikiteksten]Songen vart først gjeven ut av visegruppa The Limeliters på albumet deira Folk Matinee i 1962, då med tittelen «To Everything There Is a Season».[1][4] The Limeliters gav ut si utgåve fleire månader før Seeger si eiga utgåve kom ut. Ein av medlemmene i The Limeliter var Jim McGuinn (òg kjend som Roger McGuinn), som seinare arbeidde med visesongaren Judy Collins. For henne omarrangerte han songen for albumet Judy Collins 3 i 1963.[1] Collins si utgåve vart kalla «Turn! Turn! Turn! (To Everything There Is a Season)», den same tittelen som bandet til McGuinn, The Byrds, seinare nytta når dei spelte songen i 1965.
The Byrds-utgåva
[endre | endre wikiteksten]«Turn! Turn! Turn!» var den tredje singelen av The Byrds og kom ut 1. oktober 1965 på Columbia Records.[5] Songen kom òg ut på albumet Turn! Turn! Turn!, som kom 6. desember same året.[5] The Byrds-utgåva er den mest suksessrike versjonen av songen, og singelen nådde førsteplassen i USA og 26. plass i Storbritannia..[6][7] Teksten til The Byrds-utgåva er den eldste teksten som nokon gong har hamna på førsteplassen i USA.[8]
Nesten tre tiår etter songen kom ut, hadde han ei viktig rolle i filmen Forrest Gump frå 1994.[9]
Andre sine utgåver
[endre | endre wikiteksten]Songen er òg spelt av ei rekkje andre artistar:
- The Seekers på Georgy Girl frå 1966
- Mary Hopkin som B-side til «Those Were The Days» frå 1968.
- Nina Simone på To Love Somebody frå 1969.
- Dolly Parton på The Great Pretender frå 1985.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Turn! Turn! Turn!» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Turn! Turn! Turn! - Byrds Version». Allmusic. Henta 17. oktober 2010.
- ↑ Hasson, Nir (8. november 2009). «Pete Seeger's role in ending Israeli house demolitions». Haaretz. Henta 17. oktober 2010.
- ↑ «King Solomon's Writings». United Church of God: An International Association. Henta 17. oktober 2010.
- ↑ «Folk Matinee review». Allmusic. Henta 17. oktober 2010.
- ↑ 5,0 5,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 543–545. ISBN 0-95295-401-X.
- ↑ Whitburn, Joel. (2008). Top Pop Singles 1955-2006. Record Research Inc. s. 130. ISBN 0-89820-172-1.
- ↑ Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 130. ISBN 0-7119-7670-8.
- ↑ «Fun Facts». Music Madness. Arkivert frå originalen 8. juli 2011. Henta 17. oktober 2010.
- ↑ «Forrest Gump Soundtrack». Internet Movie Database. Henta 17. oktober 2010.