Hopp til innhald

Toronto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toronto
by
Utsyn over Toronto.
Flagg
Våpenskjold
Motto: Diversity Our Strength (Mangfald, vår styrke)
Kallenamn: T.O., T-Dot, Hogtown, The Big Smoke, The Queen City, Toronto the Good, The City Within a Park
Land  Canada
Provins Ontario
Høgd 76 m
Areal 630,21 km²
Folketal 2 794 356 (2021)[1]
Grunnlagd 27. august 1793
Tidssone EST (UTC-5)
 - Sommartid EDT (UTC-4)
Postnummer M
Retningsnummer 416 og 647
Kart
Toronto
43°40′13″N 79°23′12″W / 43.670277777778°N 79.386666666667°W / 43.670277777778; -79.386666666667
Wikimedia Commons: Toronto

Toronto er den største byen i Canada og og hovudstad i provinsen Ontario. Byen har i eit folketal på kring 5 600 000, etter eit overslag gjort i 2004 2 500 000 av desse bur i sjølve bykjerna, resten i forstadane. Toronto er med dette den femte største byen i Nord-Amerika. Samstundes er han eitt av dei viktigaste sentera for finans og handel i Canada og Nord-Amerika. Byen er heimstad for meir enn 80 etniske grupper og meir enn 100 forskjellige språk. Slik er Toronto ein av dei mest fleirkulturelle byane i verda.

Fram til 1970-talet var Toronto den nest største byen i Canada, etter Montreal. Den økonomiske veksten til byen vart styrkt då St. Lawrence-kanalen stod ferdig i 1959, Kanalen gjorde det mogleg for større skip å ta seg inn til Dei store sjøane. Delar av Torontos vekst er vorte tilskrive Parti Québécois (PQ) si maktovertaking i provinsen Quebec og provinshovudstaden Montreal i 1976. PQ innførte mange lovar som gav fransk føremoner i høve til engelsk. Mange engelskspråklege montrealarar flytta til det meir engelskvenlege Toronto.

CN Tower er eit 553 meter høgt radio og fjernsynstårn, og er eit vidgjete landemerke i Toronto.

Hovudflyplass for byen er Toronto Pearson internasjonale lufthamn. Flyplassen ligg i Mississauga rett utanfor bygrensene i vest, og ein av dei flyplassane i verda med mest trafikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Toronto