Den originale vinylplata bestod av åtte spor spelte inn i studioet i Nashville i juni 1970. Denne innspelinga førte òg til fleire singlar og albumet Elvis Country. Fire spor var opptak frå august 1970 ved The International Hotel i Las Vegas. Songen «You Don't Have to Say You Love Me» var blitt gjeven ut på singel på førehand den 6. oktober, og B-sida, «Patch It Up», var eit konsertopptak. «The Next Step is Love» hadde tidlegare vore gjeven ut som B-side i juli 1970, og A-sida «I've Lost You» finst her som eit konsertopptak. Konsertversjonen av «I Just Can't Help Believin'» frå dette albumet vart gjeven ut på singel i Storbritannia i november 1971 og nådde sjetteplassen på singellista der.[8] B-sida til denne singelen, «How the Web Was Woven», var òg henta frå dette albumet. Ein versjon frå ei øving av den sistnemnde songen finst i dokumentarfilmen Elvis: That's the Way It Is.
Den 11. juni 2000 vart ei spesialutgåve på tre CD-plater gjeven ut. Det inneheld det originale albumet i nymastra lyd, med bonusspor som vart spelte inn på den same tida. Samlinga inneheld òg heile midnattskonserten frå 12. august 1970 ved The International Hotel og øvingar frå seint i juli og tidleg i august før desse konsertane. Bonusspora inneheld òg konsertopptak som tidlegare var gjevne ut på Walk A Mile In My Shoes: The Essential 70s Masters, fem spor var gjevne ut på studioplater av Presley i 1970-åra og singelen «Rags to Riches» frå februar 1971.
I 2008 kom ei utgåve ut på Follow That Dream med to plater, og eit hefte på 20 sider. Denne utgåva inneheld heile det originale albumet, i tillegg til bonusspor og unytta opptak. I 2009 kom Follow That Dream ut med The Wonder of You som inneheld heile konserten frå 13. august 1970. Somme filmopptak frå denne konserten finst i dokumentarfilmen.[9]
Den 6. juli 2012 gav Follow That Dream ut ei dobbel LP-utgåve av albumet.[10]
↑Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN1-57859-061-2.