Tempest av Bob Dylan
Tempest Studioalbum av Bob Dylan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 10. september 2012 | |
Innspelt | Januar til mars 2012 | |
Studio | Groove Masters Studios i Santa Monica i California | |
Sjanger | Folk, folkrock | |
Lengd | 1:08:31 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Bob Dylan | |
Bob Dylan-kronologi | ||
---|---|---|
In Concert – Brandeis University 1963 (2011) |
Tempest | The 50th Anniversary Collection (2012)
|
Singlar frå Tempest | ||
|
Tempest er det 35. studioalbumet til den amerikanske visesongaren Bob Dylan, og kom ut 10. september 2012 på Columbia Records.[1][2]
Albumet vart spelt inn i Jackson Browne sitt Groove Masters Studios i Santa Monica i California. Dylan skreiv alle songane sjølv med unntak av opningssporet, «Duquesne Whistle», som han skreiv i lag med Robert Hunter frå Grateful Dead.[3]
Tempest fekk god respons frå kritikarane, som hylla påverknaden frå tradisjonell musikk og dei mørke tekstane til Dylan.[4] Albumet nådde tredjeplassen på Billboard 200. I Noreg gjekk albumet heilt til topps på VG-lista. Det er så langt det siste albumet med nye Bob Dylan-songar.
Komposisjon
[endre | endre wikiteksten]Rolling Stone rapporterte at den fjorten minuttar lange «Tempest» handlar om RMS «Titanic» og inneheld referansar til James Cameron-filmen Titanic (1997). I lag med tittelsporet, inneheld albumet fem songar som er meir enn sju minuttar lange.
Songen «Roll on John» er ei hyllest til John Lennon, med referansar til somme av songane hans som The Beatles sine «Come Together» og «A Day in the Life».[5]
Sjølv om det så langt er det siste albumet hans med originale songar, sa Dylan seinare: «Det siste stykket til Shakespeare heitte The Tempest. Det var ikkje berre kalla Tempest. Namnet på plata mi er berre Tempest. Det er to forskjellige titlar.»[6] Dylan har likevel ikkje gjeve ut nye songar sidan den gongen.
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Tempest kom ut 10. september 2012 i Storbritannia og 11. september i USA. Det vart annonsert den 17. juli 2012 gjennom ei pressemelding på den offisielle nettsida hans.[1] Plata kom ut på både CD og vinyl, og kunne lastast ned digitalt på nettbutikkar. Om ein førehandstinga albumet var det forskjellige variantar tilgjengeleg frå nettsida til Dylan, som ein kombinert CD/MP3-nedlasting av albumet, ei vinylutgåve, og to CD/LP-pakkar inkludert Dylan si signaturutgåve av eit Hohner-munnspel i forskjellige toneartar og ein eksklusiv 11" x 17" plakat.[7] Ein del av «Early Roman Kings» vart nytta i ein Cinemax-reklame for TV-serien Strike Back: Vengeance[8] og «Scarlet Town» vart nytta under rulleteksten av dei to første episodane, som begge vart sende 17. august 2012.[9] «Duquesne Whistle», skriven av Dylan og Robert Hunter, vart gjeven ut på singel, i lag med ein musikkvideo. Videoen vart regissert av Nash Edgerton, som hadde regissert videoar for forskjellige Dylan-songar. Rolling Stone skreiv at videoen «først verkar som ein Charlie Chaplin-inspirert komedie», men som så tar «ei sjokkerande mørk vending».[10]
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Samla karakter | |
Kjelde | Karakter |
Metacritic | 83/100[4] |
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [12] |
American Songwriter | [13] |
Chicago Tribune | [14] |
Drowned in Sound | 9/10[15] |
Entertainment Weekly | A[16] |
Magnet | [17] |
Mojo | [18] |
Paste | 9/10[19] |
Pitchfork Media | 6.8/10[20] |
Rolling Stone | [21] |
Tiny Mix Tapes | [22] |
Uncut | 10/10[23] |
Tempest fekk god omtale då det kom ut.[4][24] På Metacritic, som gjev platene ei normalisert poengsum opp til 100 basert på ei rekkje meldingar, har albumet ein score på 83, som indikerer at albumet er særs godt likt, basert på 31 meldingar.[4] Albumet vert ofte rekna, i lag med «comebackalbumet» frå 1997, Time Out of Mind, "Love and Theft" frå 2001 og Modern Times frå 2006, som ein del av ei rekkje kritikarroste album i den seine delen av Dylankatalogen. Somme meinte at dette albumet var betre enn dei tre andre albuma, som Mojo Magazine som i meldinga si av Tempest skreiv «Tempest er det musikalsk beste Dylan-albumet dette hundreåret, ei levande maksimalisering av strenge reglar og villdyr-tilstanden til den røysta.»[18] Ribofalvin i Tiny Mix Tapes meinte at «Den episke skalaen og stordomen til Tempest får dei siste par albuma hans til å sjå ut som noveller som leiar fram til ein stor roman.»[22] Rob Brunner skreiv for Entertainment Weekly at «35 album inn er Dylan like magisk og mystisk som alltid.»[16]
I meldinga si for Rolling Stone gav Will Hermes albumet fem av fem stjerner og kalla det «musikalsk variert og fullt av skruballar» og «det mørkaste albumet i katalogen til Dylan.»[21] I følgje Hermes baserer albumet seg på element som var vanlege gjennom karrieren til Dylan - særleg dei tre siste albuma - med musikk som er «bygd frå tradisjonelle former og trekkjer mot evigvarande tema: kjæreleik, kamp, død».[21]
Mange kritikarar hylla dei mørke tekstane og røtene dei hadde i «Old Weird America». David Edward skreiv om dette i meldinga si for Drowned in Sound: «Det som held Tempest saman er den hypnotiske nøkkelen til sjarmen sin. Komprimert saman, utstråler samlinga ein mørk straum og ei løynd, farleg djupne.»[15] På same vis meinte magasinet Magnet at på Tempest «var Dylan aldri meir tilsikta eller så openberr vill.»[17]
Andre meinte albumet var overvurdert. I meldinga si for The Guardian gav Alexis Petridis albumet fire av fem stjerner, men brukte ikkje like mange superlativ som andre kritikarar som samanlikna Tempest med dei beste albuma til Dylan.[25] I meldinga si for MSN Music gav Robert Christgau albumet ein «B+» og klaga på «autohype-maskinen» og korleis somme kritikarar var altfor positive.[26] Christgau var heller ikkje imponert over tittelsporet eller avslutningsnummeret, som «siktar høgare med tvilsam til skammeleg resultat.»[26]
Rolling Stone kåra albumet til det fjerde beste i 2012.[27] Magasinet kåra òg songen «Pay in Blood» til den niande beste songen i 2012.[28] Albumet vart rangert som det sjuande beste i kritikarundersøkinga til The Wire.[29]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Bob Dylan, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Duquesne Whistle» | Dylan, Robert Hunter | 5:43 |
2. | «Soon After Midnight» | 3:27 | |
3. | «Narrow Way» | 7:28 | |
4. | «Long and Wasted Years» | 3:46 | |
5. | «Pay in Blood» | 5:09 | |
6. | «Scarlet Town» | 7:17 | |
7. | «Early Roman Kings» | 5:16 | |
8. | «Tin Angel» | 9:05 | |
9. | «Tempest» | 13:54 | |
10. | «Roll on John» | 7:25 | |
Total lengd: | 1:08:31 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Andre medverkande
- Tony Garnier – bassgitar
- Donnie Herron – steelgitar, banjo, fiolin, mandolin
- David Hidalgo – gitar, trekkspel, fiolin
- Stu Kimball – gitar
- George G. Receli – trommer
- Charlie Sexton – gitar
- Teknisk personell
- William Claxton – fotografi på baksida
- Scott Litt – lydteknikar, innspeling, miksing
- Dana Nielsen – innspeling, miksing
- John Shearer – fotografi i omslaget
- Coco Shinomiya – design
- Shutterstock / A. Längauer – fotografi på framsida
- Albert Watson – fotografi i omslaget
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]Liste (2012) | Plassering |
---|---|
Den australske albumlista[30] | 8 |
Den austerrikske albumlista[30] | 1 |
Den belgiske albumlista (Flandern)[30] | 2 |
Den kroatiske albumlista[31] | 1 |
Den nederlandske albumlista[30] | 1 |
Den finske albumlista[30] | 3 |
Den irske albumlista[30][32] | 2 |
Den italienske albumlista[30] | 2 |
Den newzealandske albumlista[30] | 2 |
Den norske VG-lista[30] | 1 |
Den polske albumlista[33] | 9 |
Den spanske albumlista[34] | 2 |
Den svenske albumlista[30] | 1 |
Den sveitsiske albumlista[30] | 2 |
UK Albums Chart[30] | 3 |
US Billboard 200[35] | 3 |
Årslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (2012) | Plassering |
---|---|
Den belgiske albumlista (Flandern)[36] | 51 |
Den nederlandske albumlista[37] | 32 |
Den svenske albumlista | 31 |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Austerrike (IFPI Austerrike)[38] | Gull | 10 000x |
Sverige (GLF)[39] | Gull | 20 000^ |
Storbritannia (BPI)[40] | Sølv | 60 000^ |
USA (RIAA)[41] | N/A | 274,000[42] |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tempest (Bob Dylan album)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Tempest Press Release | The Official Bob Dylan Site». bobdylan.com. July 17, 2012. Henta 19. desember 2018.
- ↑ «Bob Dylan announces new studio album 'Tempest' | News». NME. July 17, 2012. Henta 19. desember 2018.
- ↑ http://www.allmusic.com/album/tempest-mw0002405466
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 «Tempest Reviews, Ratings, Credits, and More». Metacritic. CBS Interactive. Henta 19. desember 2018.
- ↑ Greene, Andy (July 17, 2012). «First Details of Bob Dylan's Upcoming Album 'Tempest' | Music News». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 25. juni 2016. Henta 19. desember 2018.
- ↑ Gilmore, Mikal (19. desember 2018). «Bob Dylan on His Dark New Album, 'Tempest'». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 28. oktober 2012. Henta 19. desember 2018.
- ↑ «Bob Dylan «Pre-Order» @ Bob Dylan Global Store». myplaydirect.com. Arkivert frå originalen 4. april 2014. Henta 19. desember 2018.
- ↑ «Check Out New Bob Dylan Song in Trailer for Cinemax's «Strike Back» Series – Music News». ABC NewsRadio. 2. august 2018. Arkivert frå originalen 9. september 2012. Henta 19. desember 2018.
- ↑ Day, Patrick Kevin (2. august 2012). «Bob Dylan's new songs will debut with Cinemax's Strike Back». Los Angeles Times. Henta 19. desember 2018.
- ↑ «Bob Dylan Debuts Shockingly Violent New Video». Rolling Stone. 29. august 2012. Arkivert frå originalen 20. desember 2012. Henta 19. desember 2018.
- ↑ «Bob Dylan: Tempest». AnyDecentMusic?. anydecentmusic.com. Henta 19. desember 2018.
- ↑ Jurek, Thom. «Tempest – Bob Dylan». AllMusic. Henta 19. desember 2018.
- ↑ http://americanlåtskrivar.com/2012/09/bob-dylan-tempest/[daud lenkje]
- ↑ http://www.chicagotribune.com/chi-bob-dylan-album-review-tempest-reviewed-20120907-column.html
- ↑ 15,0 15,1 «Bob Dylan - Tempest». Drowned in Sound. Henta 19. desember 2018.[daud lenkje]
- ↑ 16,0 16,1 Brunner, Ron (5. september 2012). «Tempest (2012)». Entertainment Weekly. Henta 19. desember 2018.
- ↑ 17,0 17,1 Magnet magazine [No. 93, p.54]
- ↑ 18,0 18,1 Mojo Magazine, [Oct 2012, p.84]
- ↑ https://www.pastemagazine.com/articles/2012/09/bob-dylan-tempest.html
- ↑ Petrusich, Amanda (119. desember 2018). «Bob Dylan: Tempest». Pitchfork Media. Henta 19. desember 2018.
- ↑ 21,0 21,1 21,2 Hermes, Will (30. august 2012). «Tempest». Rolling Stone (1165): 77–78. Arkivert frå originalen 12. oktober 2012. Henta 19. desember 2018.
- ↑ 22,0 22,1 «Bob Dylan - Tempest». Tiny Mix Tapes. Henta 19. desember 2018.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 21. desember 2018, henta 19. desember 2018
- ↑ «Tempest by Bob Dylan reviews». AnyDecentMusic?. Henta 19. desember 2018.
- ↑ Petridis, Alexis (6. september 2012). «Bob Dylan: Tempest – review». The Guardian. Henta 19. desember 2018.
- ↑ 26,0 26,1 Christgau, Robert (11. september 2012). «Pet Shop Boys/Bob Dylan». MSN Music. Arkivert frå originalen 31. august 2013. Henta 11. september 2012.
- ↑ 50 Best Albums of 2012: Bob Dylan, 'Tempest' | Rolling Stone, arkivert frå originalen 7. desember 2012, henta 19. desember 2018
- ↑ 50 Best Songs of 2012: Bob Dylan, 'Pay in Blood' | Rolling Stone, arkivert frå originalen 15. juni 2018, henta 19. desember 2018
- ↑ «2012 Rewind: Releases of the Year 1–50». The Wire (London) (347): 33. January 2013 – via Exact Editions. (krev abonnement)
- ↑ 30,00 30,01 30,02 30,03 30,04 30,05 30,06 30,07 30,08 30,09 30,10 30,11 «Bob Dylan: Tempest». aCharts. Henta 19. september 2012.
- ↑ «Top stranih – tjedan 40. 2012.» (på kroatisk). Hrvatska Diskografska Udruga. Henta 19. desember 2018.
- ↑ «Irish Albums Chart > Archive > Week Ending: 119. desember 2018». GFK. 13. september 2012. Arkivert frå originalen 20. september 2018. Henta 119. desember 2018.
- ↑ «Oficjalna lista sprzedaży». OLiS. 24. september 2012. Henta 19. desember 2018.
- ↑ «Top 100 Albumes» (PDF). Media Control International. Henta 20. september 2012.[daud lenkje]
- ↑ «Billboard 200». Billboard. 29. september 2012. Henta 20. september 2012.
- ↑ «Annual Report 2012». Ultratop. Henta 7. januar 2013.
- ↑ «Jaaroverzichten: Album 2012». Dutch Charts. Henta 7. januar 2013.
- ↑ «Austrian album salstrofé – Bob Dylan – Tempest» (på tysk). IFPI Austerrike. Enter Bob Dylan in the field Interpret. Enter Tempest in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
- ↑ «Guld- och Platinacertifikat − År 2012» (PDF) (på svensk). IFPI Sweden.
- ↑ «British album salstrofé – Bob Dylan – Tempest». British Phonographic Industry. Enter Tempest in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
- ↑ «American album salstrofé – Bob Dylan – Tempest». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
- ↑ https://qz.com/333437/bob-dylans-economic-views-are-just-like-his-lyrics-completely-indecipherable/
Føregangar Privateering Mark Knopfler |
Toppen av VG-lista Bob Dylan 2 veker, veke 37–38, 2012 |
Etterfylgjar Kors på halsen - ti kniver i hjertet - mor og far i døden Karpe Diem |