Hopp til innhald

Tanzaniansk shilling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tanzaniansk shilling

Land Tanzania
Delt i100 cent
Innført1966
Myntar50, 100, 200
Setlar500, 1000, 2000, 5000 og 10 000

Tanzaniansk shilling (swahili shilingi, engelsk shilingi) er valutaen i Tanzania. Han er oppdelt i 100 senti (eng. cent). Den tanzanianske shillingen blei innført i 1966 og erstatta austafrikansk shilling. Den nye valutaen kom i bruk frå 14. juni 1966 med same nominelle verdi som den føre.[1]

Tidlegare mynteiningar i Tanzani er austafrikansk florin, austafrikansk rupi, zanzibarsk rupi, zanzibarsk riyal og tysk austafrikansk rupi.

Ved innføringa av shillingen i 1966 blei det sett i sirkulasjon myntar på 5, 20 og 50 cent og dessutan 1 shilling. I takt med inflasjonen har ein gradvis innført myntar med høgare verdi. Myntar som er i sirkulasjon i dag er verdt 50, 100 og 200 shilling.

I 1966 innførte Benki Kuu Ya Tanzania pengesetlar med verdiane 5, 10, 20 og 100 shilling. Desse har gradvis blitt erstatta av myntar. Setlar som er i sirkulasjon i dag har verdiane 500, 1000, 2000, 5000 og 10 000 shilling.

  1. Linzmayer, Owen (2012). «Tanzania». The Banknote Book. San Francisco, CA: www.BanknoteNews.com.