Syrisk Kurdistan
Syrisk Kurdistan eller Vest-Kurdistan (kurdisk Rojavayê Kurdistan), òg stundom berre kalla Rojava[1] som tyder vesten på kurdisk, er ein de facto autonom region nord og nordaust i Syria.[2] Syrisk Kurdistan er ein del av eit større geografisk område av Kurdistan, som omfattar delar av austlege Tyrkia (Tyrkisk Kurdistan), nordlege Irak (Irakisk Kurdistan), nordvestlege Iran (Iransk Kurdistan) og områda nord i Syria (Syrisk Kurdistan) busett hovudsakleg av kurdarar.[3] Kurdistan dekkjer omtrentleg dei nordvestlege Zagros og austlege Taurusfjella.[4] Sidan 2012 har mykje av Syrisk Kurdistan vore kontrollert av kurdiske militsar som ein del av den syriske borgarkrigen og i november 2013 erklærte representantar frå kurdiske, arabiske, assyrisk kristne og andre mindre minoritetar ei de facto regjering i regionen.[5]
Den syriske borgarkrigen
[endre | endre wikiteksten]Under den syriske borgarkrigen vart Folkevernseiningane (YPG) vart skapt under administrasjonen til Den øvste kurdiske komiteen for å kontrollere kurdisk busette område i Syria. Den 19. juli 2012 erobra YPG byen Kobanê (Ayn al-Arab), og dagen etter Amûdê og Efrîn.[6] Dei to kurdiske hovudgruppene, Kurdisk nasjonalt råd (KNR) og Det demokratiske unionpartiet (PYD), danna sidan eit felles leiarskap for å styre dei erobra byane.[6] 24. juli hadde dei syrisk-kurdiske byane Dêrika Hemko (Al-Malikiyah), Serê Kaniyê (Ra's al-'Ayn), Dirbêsî (Al-Darbasiyah) og Girkê Legê (Al-Ma'bada) òg kome under YPG sin kontroll. Dei einaste store kurdiske byane som er under den syriske staten sin kontroll i dag er Hasakah og Qamishli.[7][8]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Kjende kurdiske busetnader i Syrisk Kurdistan
[endre | endre wikiteksten]
|
|
|
Arabiske busetnader i i Syrisk Kurdistan
[endre | endre wikiteksten]Assyrisk/syriske busetnader i Syrisk Kurdistan
[endre | endre wikiteksten]- Qamishli (ܒܝܬ ܙܐܠܝ̈ܢ Beṯ Zālin)
- Al-Qahtaniyah (ܩܒܪ̈ܐ ܚܘܪ̈ܐ Qabre Ḥewore)
- Al-Hasakah (ܚܣܟܗ)
- Al-Malikiyah (ܕܪܝܟ)
- Khanik (ܚܢܝܟ)
- Tell Chamiram
- Tel Nasri
- Tel Tamer (ܬܠ ܬܡܪ)
- Qesrok (ܩܨܪܟ Qasrok)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Syrian Kurdistan» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ [1]
- ↑ The secret garden of the Syrian Kurdistan
- ↑ The Columbia Encyclopedia, Sixth Edition, 2005.
- ↑ Kurdistan, BritannicaConcise.
- ↑ http://rudaw.net/english/middleeast/syria/13112013
- ↑ 6,0 6,1 «More Kurdish Cities Liberated As Syrian Army Withdraws from Area». Rudaw. 20. juli 2012. Henta 24. mars 2014.
- ↑ «Armed Kurds Surround Syrian Security Forces in Qamishli». Rudaw. 22. juli 2012. Henta 24. mars 2014.
- ↑ «Girke Lege Becomes Sixth Kurd City Liberated in Syria». Rudaw. 24. mars 2014. Henta 24. mars 2014.