Sora
Sora | |||
elv | |||
Capuchinbrua over Sora i Skofja Loka
| |||
Land | Slovenia | ||
---|---|---|---|
Lengd | 51 km | ||
Middelvassføring | 25 m³/s | ||
Kjelde | Selščica, Poljanščica | ||
Munning | Sava | ||
Sora 46°08′00″N 14°25′00″E / 46.13333333°N 14.41666667°E | |||
Wikimedia Commons: Sora (river) |
Sora er ei elv i Slovenia. Ho er 51 km lang og renn nordaust i landet. Elva spring ut i Škofja Loka-fjella. Ho er danna av kjeldeelvene Poljanska Sora eller Poljanščica, som renn gjennom dalen Poljanska dolina, og Selška Sora eller Selščica frå dalen Selška dolina. Sora munnar ut i Sava ved Medvodah. Middelvassføringa hennar ved munningen er 25 m³/s. Elva har store variasjonar i vassføring, og fløymer ofte over. Den største vassføringa ved munningen, som blei målt i 1990, var 690 m³/s.
Poljanska Sora er 43 km lang medan Selška Sora er 32 km.[1] Dei renn saman i Škofja Loka og renn saman som Sora i 9,2 km til Medvode, der elva renn ut i Sava. Tek ein med Poljanska Sora, den lengste av kjeldeelvene, er Sora 52 km lang.[1] Dette gjer henne til den 15. lengste elva i Slovenia.
-
Trebru over Poljanska Sora i Hotavlje.
-
Selška Sora i Železniki.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Reke, dolge nad 25 km, in njihova padavinska območja» [Rivers longer than 25 km and their catchment areas] (på slovensk og engelsk). Statistical Office of the Republic of Slovenia. 2002.
- Denne artikkelen bygger på «Sora (river)» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2015.