Hopp til innhald

Songen Born to Die

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Born to Die
Singel av Lana Del Rey
frå albumet Born to Die
Språk engelsk
Utgjeve 30. desember 2011
Sjanger Triphop, kammerpop, indiepop, sadcore
Lengd 4:46
Selskap Stranger, Interscope, Polydor
Tekstforfattar Lana Del Rey
Låtskrivar(ar) Elizabeth Grant, Justin Parker
Produsent Justin Parker, Emile Haynie
Lana Del Rey-kronologi 
«Video Games»
(2011)
Born to Die «Blue Jeans»
(2012)


«Born to Die» er ein song av den amerikanske songaren Lana Del Rey frå det andre studioalbumet hennar, med same namn. Songen vart gjeven ut son den andre singelen hennar den 30. desember 2011 på Interscope Records. Songen vart skriven av Del Rey og Justin Parker, og produsert av Emile Haynie. Musikalsk er «Born to Die» ein neddempa ballade medan teksten handlar om eit forhold som er dømd til å mislukkast. Kritikarane merka seg at den apokalyptiske teksten og strykarane minna om komposisjonane til John Barry. Han fekk middels til gode meldingar av kritikarane, som meinte han var like stemningsskapande, men likevel lik, den førre singelen til Del Rey, «Video Games». I Storbritannia vart «Born to Die» den andre singelen til Del Rey på Topp 10 og nådde 9. plass den 4. februar 2012.

Det vart laga musikkvideo til songen, regissert av Yoann Lemoine, som syner Del Rey i eit ustabilt forhold med kjærasten, spelt av modellen Bradley Soileau, der dei er på ein biltur so med at ho vert drepen.

Komposisjon

[endre | endre wikiteksten]

Songen har ein «lett apokalyptisk» tekst,[1] og opnar med linjene «Feet don't fail me now/ Take me to the finish line/ Oh my heart, it breaks every step that I take/ But I'm hoping at the gates, they'll tell me that you're mine.»[2] I følgje songaren er songen «ei hyllest til ekte kjærleik og det ville livet»,[3] eit tema ein kan høyre i linjer som «Let me kiss you hard in the pouring rain, you like your girls insane.»[4] Denne linja var annleis i den originale versjonen av songen der Del Rey song «Let me fuck you hard in the pouring rain» i staden for.[4] Laura Snapes i NME samanlikna musikken med «sklier av smelta sjokolade pressa fram av ulasteleg produksjon»,[1] med John Barry-aktig «piskande strykarar» som minnar om musikken i Tatt av vinden (1939) og Western (1997).[1][3]

Songen inneheld samplingar av vokalen frå «Long Red» av musikkgruppa Mountain.

Format og innhald

[endre | endre wikiteksten]

  1. "Born to Die"
  2. "Born to Die" (Woodkid & the Shoes Remix)
  1. "Born to Die (Album Version)" - 4:46
  2. "Video Games (Rainer Weichhold & Nick Olivetti Radio Edit)" - 3:50
  1. "Born to Die" (single mix) – 4:09
  2. "Born to Die" (album version) – 4:47
  3. "Born to Die" (instrumental) – 4:48

  • The Remix EP[8]
  1. "Born to Die (Album Version)" - 4:49
  2. "Born to Die (PDP / 13 Remix)" - 6:24
  3. "Born to Die (Woodkid & The Shoes Remix)" - 4:03
  4. "Born to Die (Parrade Remix)" - 5:47
  5. "Born to Die (Chad Valley Remix)" - 3:46
  6. "Video Games (Rainer Weichhold & Nick Olivetti Remix)" - 7:43
  • Promo CD Single
  1. "Born to Die (Damon Albarn Remix)"
  2. "Blue Jeans (Penguin Prison Remix)"
  • Promo CD Single 2
  1. "Born to Die (PDP/13 Remix)"
  2. "Blue Jeans (Penguin Prison Remix)"

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (2012) Plassering
Australia (ARIA)[9] 34
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[10] 10
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[11] 14
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[12] 10
Kroatia (Radioliste)[13] 3
45
Danmark (Tracklisten)[14] 7
Finland (Suomen virallinen lista)[15] 13
Frankrike (SNEP)[16] 13
Tyskland (Media Control AG)[17] 29
Irland (IRMA)[18] 12
Israel (Media Forest)[19] 8
Nederland (Mega Single Top 100)[20] 89
Skottland (Official Charts Company)[21] 10
Slovakia (IFPI)[22] 53
Spania (PROMUSICAE)[23] 41
Sverige (Sverigetopplistan)[24] 59
Sveits (Schweizer Hitparade)[25] 13
UK Singles (Official Charts Company)[26] 9
  1. 1,0 1,1 1,2 Snapes, Laura (December 6, 2011). «Lana Del Rey – 'Born To Die'». NME. Henta 10. november 2012. 
  2. Charles, Aaron-Spencer (December 16, 2011). «Lana Del Rey's Born To Die v Cher Lloyd's Dub on the Track: Fight Club». Metro. Associated Newspapers. Henta December 22, 2011. 
  3. 3,0 3,1 Neyland, Nick (December 2, 2011). «Lana Del Rey: "Born To Die"». Prefix Mag. Henta 10. november 2012. 
  4. 4,0 4,1 Phillips, Amy (December 2, 2011). «New Lana Del Rey: "Born to Die"». Pitchfork Media. Henta 10. november 2012. 
  5. Born to Die at discogs.com
  6. Born to Die CD-singel at discogs.com
  7. (UK Promo CDliner notes). "Born to Die". Lana Del Rey. LANA02. 
  8. Born to Die Remixes at discogs.com
  9. "Australian-charts.com – Lana Del Rey – Born To Die". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
  10. "Lana Del Rey – Born To Die – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  11. "Ultratop.be – Lana Del Rey – Born To Die" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  12. "Ultratop.be – Lana Del Rey – Born To Die" (på fransk). Ultratop 40. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  13. «ARC, Issue Date: mars 26, 2012» (på kroatisk). HRT. 28. mars 2012. Henta 10. november. 
  14. "Danishcharts.com – Lana Del Rey – Born To Die". Tracklisten. Hung Medien.
  15. "Finnishcharts.com – Lana Del Rey – Born To Die". Suomen virallinen lista. Hung Medien.
  16. "Lescharts.com – Lana Del Rey – Born To Die" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  17. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  18. "Chart Track". Den irske singellista. Irish Recorded Music Association.
  19. «Media Forest: Airplay liste». mediaforest.biz. 10. november 2012. Arkivert frå originalen 22. februar 2014. Henta 10. november 2012. 
  20. "Dutchcharts.nl – Lana Del Rey – Born To Die" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  21. "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company. Henta 10. november 2012.
  22. "SNS IFPI" (på slovakisk). Hitparáda – Radio Top100 Oficiálna. IFPI Czech Republic. Note: insert {{{year}}}{{{week}}} into search.
  23. "Spanishcharts.com – Lana Del Rey – BornToDie" Canciones Top 50. Hung Medien.
  24. "Swedishcharts.com – Lana Del Rey – Born To Die". Topp 60. Hung Medien.
  25. "Lana Del Rey – Born To Die – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
  26. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 10. november 2012.