Saturnmånen Erriapus
Utsjånad
Erriapus er ein av månane til Saturn. Han er medlem av Den galliske gruppa, og er truleg eit objekt som har vorte fanga inn av Saturn. Erriapus har ein snittradius på kring 5 km.
Erriapus vart oppdaga 23. september 2000 av Brett J. Gladman, John J. Kavelaars, Jean-Marc Petit, Hans Scholl, Matthew J. Holman, Brian G. Marsden, Phillip D. Nicholson og Joseph A. Burns frå Mauna Kea-observatoriet på Hawaii.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Erriapus: Overview» Arkivert 2013-04-14 ved Wayback Machine. - NASA Solar System Exploration