Hopp til innhald

Safi Faye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Safi Faye

Fødd22. november 1943
FødestadDakar
Død22. februar 2023 (79 år)
Dødsstad14. arrondissement, Paris
FødenamnSafiyatou Gueth Faye
Aktive år1972–2023
Verka somfilmregissør, etnolog, filmskodespelar, manusforfattar, antropolog

Safi Faye (22. november 194322. februar 2023) var ein senegalesisk filmregissør, skodespelar og etnolog.[1] Ho var den fyrste kvinna frå Afrika sør for Sahara til å regissera ein kommersielt distribuert spelefilm, Kaddu Beykat, som kom ut i 1975. Ho regisserte fleire spele- og dokumentarfilmar, med fokus på livet på landsbygda i Senegal.

Safi Faye var fødd i Dakar i Senegal i ein aristokratisk sererfamilie.[2] Foreldra hennar var frå Fad'jal, ein landsby sør for Dakar.[3] Ho studerte ved École normale de Rufisque og var ferdig utdanna lærar i 1962 eller 1963. Deretter byrja ho undervisa i Dakar.[4][5]

I 1966 var ho på den fyrste Festival Mondial des Arts Nègres i Dakar, der ho møtte den franske etnologen og filmskaparen Jean Rouch.[5] Han oppmuntra henne til å bruka film som ein etnografisk reiskap.[5] Ho spelte ei rolle i filmen hans Petit à petit frå 1971.[6] Faye har sagt at ho mislikte filmen til Rouch, men at samarbeidet med han gjorde at ho kunne læra noko om filmskaping og cinéma-vérité.[7] I 1970-åra studerte ho etnologi ved École pratique des hautes études og deretter ved Lumière Film School.[8] Ho forsørga seg sjølv gjennom arbeid som modell, skodespelar og innan lydefekktar for film.[4] I 1979 tok ho ein doktorgrad i etnologi frå Universitetet i Paris.[9] Frå 1979 til 1980 studerte Faye videoproduksjon i Berlin og var gjesteførelesar ved Freie Universität Berlin.[10] Ho tok endå ein grad i etnologi ved Sorbonne i 1988.[11]

Filmkarriere

[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste filmen til Faye, som ho også spelte i, var ein kortfilm frå 1972 som heitte La Passante ('Den forbipasserande'). Filmen bygde på erfaringane hennar som ei utanlandsk kvinne i Paris.[12] Han følgjer ei kvinne (Faye) som går langs ei gate og merker seg reaksjonane til menn ho passerar.[13] Den fyrste spelefilmen til Faye var Kaddu Beykat, som tyder 'Røysta til bonden' på volof og blei kjend internsjonalt som Letter from My Village eller News from My Village.[14] Ho fekk økonomisk støtte til å laga Kaddu Beykat av det franske samarbeidsdepartementet. Filmen kom ut i 1975, og var den fyrste spelefilmen laga av ei kvinne frå Afrika sør for Sahara til å bli kommersielt distribuert. Han gav Faye internasjonal merksemd.[14][15] Då han kom ut blei han forboden i Senegal.[16] I 1976 vann han FIPRESCI-prisen frå den internasjonele føderasjonen av filmmeldarar og OCIC-prisen.

Den korte dokumentarfilmen Selbé et tant d'autres (engelsk Selbe: One Among Many) frå 1983 følgjer ei 39 år gammal kvinne, Selbé, som oppseda åtte ungar åleine etter at ektemannen har forlate landsbyen deira for å finna arbied.[17] Selbé samtalar med Faye, som ikkje opptrer i filmen, og skildrar tilhøvet til ektemannne og dagleglivet i landsbyen.[18]

Faye budde i Paris, og hadde ei dotter. Ho døydde i Paris 22. februar 2023, 79 år gammal.[5]

  • 1972: La Passante (The Passerby)
  • 1975: Kaddu Beykat (Letter from My Village)
  • 1979: Fad'jal (Come and work)
  • 1979: Goob na nu (The harvest is in)
  • 1980: Man Sa Yay (I, Your Mother)
  • 1981: Les âmes au soleil (Souls under the Sun)
  • 1983: Selbé et tant d'autres (Selbe: One Among Many eller Selbe and So Many Others)
  • 1983: 3 ans 5 mois (Three years five months)
  • 1985: Racines noires (Black Roots)
  • 1985: Elsie Haas, femme peintre et cinéaste d'Haiti (Elsie Haas, Haitian Woman Painter and Filmmaker)
  • 1989: Tesito
  • 1996: Mossane
  1. Petrolle, p. 177.
  2. Petrolle, p. 177.
  3. Foster, p. 130.
  4. 4,0 4,1 Foster, p. 130.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Pfaff, Françoise. «Safi Faye». FilmReference.com. Henta 4. mai 2008. 
  6. Ukadike, p. 29.
  7. Spaas, p. 185.
  8. Ukadike, p. 29.
  9. Petrolle, p. 177.
  10. Schmidt, p. 286.
  11. Petrolle, p. 177.
  12. Schmidt, p. 287.
  13. Spaas, p. 185.
  14. 14,0 14,1 Spaas, p. 185.
  15. Ukadike, p. 30.
  16. «Africa Beyond». BBC. 2007. Henta 10. mai 2008. 
  17. Thackway, p. 153.
  18. Thackway, p. 154.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]