Hopp til innhald

Romersk akvedukt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pont du Gard i Frankrike frå 19 f.Kr. er på verdsarvslista.
Aqua Claudia i Roma.

Romerske akveduktar er akveduktar bygde av romarane fleire stader i verda. Ein romersk akvedukt er eit byggverk reist for å transportera vatn, eller ei bru som leiar vatn over til dømes ein dal. Ordet «akvedukt» kjem av det latinske aquaeductus (aqua = ‘vatn’ og ducere, ‘leie’). Romarakveduktane blei hovudsakleg nytta til å føra ferskvatn inn til byar frå vasskjelder eller vatn i nærleiken.

Den tunisiske hovudstaden Tunis bruker framleis ein gammal romersk akvedukt. Den lengste av dei romerske akveduktane går 132 km frå Djebel Zaghouan i Tunisia til Karthago. Vassforsyning til Köln blei ført i akvedukt kring 100 km frå Nettersheim-området i Eifel.[1] Antikke Köln var sikra ei dagleg forsyning på ca 20.000 kubikkmeter friskt kjeldevatn, 200 l pr. sekund. Det meste gjekk til badeanlegget i byen, og ein del til å halda verksemder og fontener i gang.[2]

I Roma i nyare tid brukar ein berre Aqua Virgo, som leiar vatn til Trevi-fontena.[3]

  1. «Römerkanal». Arkivert frå originalen 26. oktober 2011. Henta 23. februar 2011. 
  2. Peter Ørsted: Romerne – dagligliv i det romerske imperium (s. 107-8), forlaget Gyldendal, København 1991, ISBN 87-01-72010-4
  3. «|CITS| Tutorial: Problem: Roman Infrastructure 3». Arkivert frå originalen 27. juli 2009. Henta 22. februar 2011. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Romersk akvedukt
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.