Robert Muchamore
Utsjånad
Robert Muchamore | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 26. desember 1972 (51 år) London |
Yrke | skribent, barnebokforfattar |
Robert Muchamore på Commons |
Robert Kilgore Muchamore (fødd 26. desember 1972) er ein engelsk forfattar frå London som skriv bøker for ungdom.
Muchamore er best kjend for bøkene i CHERUB-serien. CHERUB er ein etterretningsorganisasjon som rekrutterer foreldrelause born og ungdomar. Etter eit rekruteringskurs kan agentane take del i ulike, til dels farlege, oppdrag. Hovudpersonen i handlingane er James Adams.
Dei første bøkene i denne serien er omsett til nynorsk.
- Rekrutten (The Recruit, 2004)
- Kokainkongen (Class A, 2004)
- Flukta (Maximum Security, 2005)
- Drapet (The Killing, 2005)
- Heilag galskap (Divine Madness, 2006)
- Mennesket og dyret (Man vs Beast, 2006)
- Slått ut (The Fall, 2006)
- Gjengkrigen (Mad Dogs, 2007)
- Søvngjengaren (Sleepwalker), 2008
- Generalen (The General), 2008
- Brigands MC (Brigands MC), 2009
- Monsterbølgja (Shadow Wave), 2010
Ein annan serie som Muchamore skriv er Henderson's Boys. Den handlar om starten av CHERUB, under den andre verdskrigen. Han skriv stadig nye bøker i denne serien.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Robert Muchamore» frå Wikipedia på engelsk, den 24. august 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Robert Muchamore» frå Wikipedia på svensk, den 24. august 2012.