Hopp til innhald

Provinsen Ragusa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ragusa
provins
Land  Italia
Region Sicilia
Hovudstad Ragusa
Areal 1 623,89 km²
Folketal 320 003 (2011)
Postnummer 97100, 97010–97015
Retningsnummer 932
Bilnummer RG
Kart
Provinsen Ragusa
36°55′30″N 14°43′50″E / 36.925°N 14.730555555556°E / 36.925; 14.730555555556
Kart som viser Provinsen Ragusa.
Kart som viser Provinsen Ragusa.
Kart som viser Provinsen Ragusa.
Wikimedia Commons: Province of Ragusa

Provinsen Ragusa[a] er ein provins i regionen Sicilia i Italia. Hovudstaden er byen Ragusa. Han har eit areal på 1 624 km² og totalt 320 003 innbyggjarar i 2011. Det er 12 kommunar i provinsen og desse er:

Kommune Innbyggjarar
Ragusa 71 712
Vittoria 60 918
Modica 53 448
Comiso 29 489
Scicli 25 855
Pozzallo 18 393
Ispica 14 823
Santa Croce Camerina 9 397
Acate 8 340
Chiaramonte Gulfi 8 085
Monterosso Almo 3 357
Giarratana 3 255

Turisme har i dag tatt over for fiske og jordbruk som hovudnæringa i provinsen.

Frå Scoglitti til Pozzallo strekker kysten av Ragusa seg 90 km avgarde. Her ligg mange fiskelandsbyar som Kaukana, Punta Secca, Marina di Ragusa og Marina di Modica. Ragusa har endra seg stort dei siste 20 åra på grunn av turismen, men mange område er òg meir eller mindre som dei har vore dei siste hundre åra.

  1. italiensk Provincia di Ragusa; siciliansk Pruvincia di Rausa

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Provinsen Ragusa