Piggies
Piggies Song av The Beatles frå albumet The Beatles | ||
Utgjeve | 22. november 1968 | |
Innspelt | 19–20. september og 10. oktober 1968, EMI Studios, London | |
Sjanger | Barokk pop, folk | |
Lengd | 2:04 | |
Selskap | Apple | |
Komponist | George Harrison, John Lennon | |
Tekstforfattar | George Harrison | |
Låtskrivar(ar) | George Harrison | |
---|---|---|
Produsent | George Martin |
Have you seen the little piggies crawling in the dirt?
George Harrison
|
«Piggies» er ein song av The Beatles på dobbeltalbumet The Beatles (White Album) frå 1968. Han er hovudsakleg skriven av George Harrison og har ein cembalo i barokkstil og ein strykekvartett – som tar ei uventa vending ved å spele blues. Teksten er ein sosial kommentar om lyst og marknadsgrådigskap.
«Piggies» starta som ein Harrison-song og er òg tilskriven han, men han etterlét songen uferdig. Då mor hans oppdaga han eit år etter, hjelpte John Lennon til med å gjere songen ferdig. I Harrison-boka I Me Mine frå 1982, skriv han at mor hans hjelpte han med ei strofe; What they need is a damn good whacking! Han skriv vidare at songen absolutt ikkje har noko med amerikanske politimenn å gjere, som ofte vart kalla «pigs» på 1960-talet. I tillegg hadde songen eit ekstra vers som ikkje vart nytta:
- Everywhere there’s lots of piggies
- Playing piggie pranks
- You can see them on their trotters
- At the piggy banks
- Paying piggy thanks
- To thee pig brother
Feiltolkingar
[endre | endre wikiteksten]Charles Manson, som feiltolka fleire songar frå Det kvite albumet til å rettferdiggjere morda hans, tok særskild verselinja What they need is a damn good whacking! som forsvar for å gå til åtak på politiet. Då Sharon Tate, Leno og Rosemary LaBianca og andre vart myrda den 9. august 1969, vart knivar og gaflar nytta sidan desse var nemnde i songen. Orda «pig» og «piggy» vart skrivne med blodet til offera på veggane. Harrison vart forskrekka og forferda over at songen hans skulle få ei slik meining.
Eit anna band som har nytta ordet «piggies» på bortimot tilsvarande måte er Death In June. Teksten på tittelsongen knyter seg seg til Manson-drapa i refrenget, All pigs must die, this ain’t August ’69.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]I følgje Ian MacDonald:[1]
- The Beatles
- George Harrison – solo- og harmonivokal,[2] akustisk gitar, korvokal[3]
- John Lennon – lydbandefektar, vokalistert grynting,[2] korvokal[3]
- Paul McCartney – bass, korvokal[3]
- Ringo Starr – tamburin
- Andre musikarar
- Chris Thomas – cembalo
- Henry Datyner – fiolin
- Eric Bowie – fiolin
- Norman Lederman – fiolin
- Ronald Thomas – fiolin
- John Underwood – bratsj
- Keith Cummings – bratsj
- Eldon Fox – cello
- Reginald Kilbey – cello
- George Martin – strykearrangement
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Piggies» frå Wikipedia på bokmål, den 8. februar 2009.
- MacDonald, Ian (1998). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties. London: Pimlico. ISBN 978-0-7126-6697-8.
- ↑ MacDonald 1998, s. 278.
- ↑ 2,0 2,1 Everett 1999, s. 199.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Winn 2009, s. 218.