Paul Armin Due
Paul Armin Due | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. april 1870 Christiania |
Død | |
Yrke | arkitekt |
Far | Paul Due |
Paul Armin Due på Commons |
Paul Franz Wilhelm Armin Due (fødd 1870 i Kristiania, død 1926 i Oslo) var ein norsk arkitekt. Han var son til arkitekt Paul Due og fekk utdanning ved Polytechnikum i Hannover i 1896.
Han arbeidde dei første to åra i Tyskland, men gjekk inn i firmaet til faren frå 1898 og teikna ei rekke jernbanestasjonsbygningar, mellom anna til Gjøvikbanen, Flekkefjordbanen, Hell-Sunnanbanen, Drammenbanen og Bergensbanen.
Då far og son arbeidde med dei same prosjekta, er det i ettertid for nokre bygningar uvisst kven av dei to som skal ha hovudæra. Men dei aller fleste stasjonane[treng kjelde] frå tida like etter 1900 og fram til 1910 var det Paul Armin som stod for. Medan faren var meir prega av historisme, teikna Paul Armin i ein meir jugend-prega stil, som var det nye og moderne stiluttrykket.
Frå 1911 hadde Paul Armin Due eige arkitektfirma i Kristiania. Fram til 1916 teikna han ein del villaer i Aker, mellom andre:
- Heggeliveien 55 (1911)
- Knausen, Jarlsborgveien 11 (1911)
- Sætra vei 12b (1911)
- Vækerøveien 31 (1915)
- Konventveien 8 (1916)
- Smestadveien 6 (1916)
Dei siste åra i sitt yrkesaktive liv arbeidde han hos Byarkitekten i Kristiania.