Patricia
Utsjånad
Patricia er eit kvinnenamn med opphav i det romerske Patricius som betyr 'adeleg'. Dette ordet er igjen avleidd frå pater, 'far'. Patricia og den mannlege utgåva av namnet, Patrick, har namnedag den 5. mars.
Namnet har kortformer som Pat, Pattie, Patsy, Trish og Tricia.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Patricia er blant dei mest brukte namna i Chile og USA og er også vanleg i Frankrike, Spania og Belgia. Varianten Patrycja er vanleg i Polen og Patrizia i Italia. I USA var Patricia det tredje mest brukte i 1937-1943, og sokk deretter i popularitet.[1]
Namnet er mindre vanleg i Noreg, med 436 namneberarar i 2009.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Patricia Highsmith (1921–1995), amerikansk krimforfattar
- Patricia Polacco (f. 1944), amerikansk barnebokforfattar
- Patricia McKillip (f. 1948), amerikansk forfattar
- Patricia Cornwell (f. 1956), amerikansk forfattar
- Patricia Heaton (f. 1958), amerikansk skodespelar
- Patricia Clarkson (f. 1959), amerikansk skodespelar
- Patricia Arquette (f. 1968), amerikansk skodespelar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Patricia hjå Statistisk Sentralbyrå
- "Patricia", A Dictionary of First Names, Patrick Hanks, Kate Hardcastle, and Flavia Hodges. Oxford University Press, 2006. Oxford Reference Online. 5 March 2009
- Denne artikkelen bygger på «Patricia» frå Wikipedia på bokmål, og «Patricia» frå Wikipedia på engelsk den 5. mars 2009.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Engelsk Wikipedia oppgav Popularity of a Name. Social Security Administration ssa.gov, accessed July 17, 2008