Párnonas
Utsjånad
Párnonas Πάρνωνας | |||
fjell | |||
Land | Hellas | ||
---|---|---|---|
Område | Peloponnes | ||
Høgd | 1 940 moh. | ||
Párnonas 37°07′N 22°44′E / 37.11°N 22.73°E | |||
Wikimedia Commons: Parnonas |
Párnonas (gresk Πάρνωνας) eller Málevo (Μάλεβο) er eit fjell aust for Den lakoniske sletta og Evrótasdalen i Hellas. Det har ei høgd på 1 940 moh. og er synleg frå Aten. Den vestlege delen av fjellet ligg i periferieininga Lakonía og den austlege delen ligg i Arkadía. Det er om lag 50 km langt frå nord til sør og 15-25 km breitt.
Párnonaskjeda skil Lakonía frå Arkadía og består hovudsakleg av kalkstein. Fjellet har den femte djupaste grotta i Hellas, Peletágrotta (543 meter under havet i 2006) og den imponerande vertikale grotta Própantes (360 muh).
Frå toppen av fjellet kan ein mellom anna sjå heilt til Taýjetosfjella, Myrtóohavet og Lakoníabukta.
Nærliggande stader
[endre | endre wikiteksten]- Kastanítsa, nordaust
- Ájos Vasílios, aust
- Platanáki, aust
- Paleokhóri, aust
- Kosmás, søraust
- Jeráki, sør
- Kallithéa, sørvest
- Vamvakoú, vest
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Parnon frå Engelsk Wikipedia .