Hopp til innhald

Nijolė Sadūnaitė

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nijolė Sadūnaitė
Statsborgarskap Sovjetunionen, Litauen
Fødd 22. juli 1938
Kaunas
Død

31. mars 2024 (85 år)
Vilnius

Yrke nonne, Dissident
Språk Litauisk
Religion Den romersk-katolske kyrkja

Nijolė Sadūnaitė (fødd 22. juli 1938 i Kaunas) er ei litauisk katolsk nonne som tredde inn i eit hemmeleg undergrunnssysterfellesskap under sovjetkommunismen og arbeidde med Kronikk for den katolske kyrkja i Litauen.[1]

I 1975 vart ho arrestert av dei sovjetiske myndigheiter og dømd til tre års fengsel. Ho sat fyrst i fangenskap i Mordovia og deretter i Bogutsjany i Krasnojarsk kraj i Sibir.[2] Ho vart utsett for dårleg behandling, overgrep og tortur.[3]

Sadūnaitė skreiv A Radiance in the Gulag om erfaringane sine.[4][5]

I 2018 mottok Sadūnaitė den litauiske fridomsprisen.[6] Ho var den fyrste kvinna til å motta denne utmerkinga.