Hopp til innhald

Nevers

Koordinatar: 47°00′N 03°09′E / 47.000°N 3.150°E / 47.000; 3.150
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nevers
Place de la République i Nevers
Place de la République i Nevers
Place de la République i Nevers
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Bourgogne-Franche-Comté
Nièvre
Geografi
Flatevidd 17,33 km²
Flatevidd
 - By

17,33 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

43 082
  2 486/km²
Koordinatar 47°00′N 03°09′E / 47.000°N 3.150°E / 47.000; 3.150
Høgd over havet 180 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 58000
Heimeside: www.ville-nevers.fr

Nevers er ein by og kommune sentralt i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Nièvre i regionen Bourgogne-Franche-Comté. Byen har om lag 45 000 innbyggjarar, og ligg der elva Nièvre munnar ut i Loire. Nevers ligg i den tidlegare franske provinsen Nivernais, 260 km søraust for Paris.

Noviodunum var det tidlege namnet på Nevers, som etter kvart endra seg til Nebirnum. Alle medaljane og andre romerske lekamar ein har funne på staden viser at det må ha vore ein viktig stad då Cæsar valde staden som militærlager for kveite, pengar og gislar. I 52 fvt. var det første staden som vart erobra av opprøraren Aedui.

Han vart bispesete på slutten av 400-talet. Grevskapet Nevers går minst tilbake til 900-talet. Innbyggjarane i Nevers fekk privilegium i 1194 og 1231. Ei kort stund på 1300-talet var byen sete for eit universitet, som seinare vart overført til Orléans.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Nevers