Natteramnar og seglarfuglar
Natteramnar og seglarfuglar | |
Hamrenatteramn Caprimulgus macrurus | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av natteramnar og seglarfuglar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Natteramnar og seglarfuglar Caprimulgiformes |
Infraorden: | Natteramnar og seglarfuglar Tetanurae Ridgeway, 1881 |
Den biologiske orden natteramnar og seglarfuglar (Caprimulgiformes) samlar froskemunnar, natteramnar og andre relaterte fugleartar. Utbreiingsområdet deira dekkjer det meste av verda, men dei finst ikkje i arktisk klima og på øyane på New Zealand.
Nattfuglar som natteramnar og potuar skjuler seg om dagen med hjelp av komplisert kamuflasjeteknikk, fjørdrakta etterliknar tørre blad og bork på tre, eit fenomen som òg kallast krypsis.
Ein antar at medlemmer i Caprimulgiformes har fjernt slektskap med ugler, Strigiformes.[treng kjelde]
Taksonomi
[endre | endre wikiteksten]Caprimulgiformes samla tidlegare fem familiar, og framtidig åtte familiar, talet på artar i parentes:[1]
- Froskemunnar - Podargidae (16)
- Natteramnar og natthaukar - Caprimulgidae (97)
- Potuar - Nyctibiidae (7)
- Feittfugl - Steatornithidae (1)
- Uglesvaler - Aegothelidae (10)
Taksonomien av ordenen Apodiformes for seglarar og kolibriar, samt ordenen Caprimulgiformes for froskemunnar, natteramnar og andre relaterte fugleartar, blir for tida endra av taksonomiske autoritetar. Revisjonen av The Clements Checklist of Birds of the World, (eBird/Clements Checklist v2016), frå august 2016 har allereie iverksett ei endring slik at seglarar og kolibriar går inn i Caprimulgiformes.[1] Apodiformes går ut som takson i denne klassifiseringa, og Caprimulgiformes blir den største ordenen nest etter sporvefuglar med 588 artar.
- Seglarar - Apodidae (112)
- Treseglarar - Hemiprocnidae (4)
- Kolibriar - Trochilidae (348)
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Caprimulgiformes frå Spansk Wikipedia .
- ↑ 1,0 1,1 Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017