NRK P1
Utsjånad
NRK P1 er Noregs største radiokanal med kring 1,5 millionar lyttarar kvar dag. NRK fekk sin fyrste radiokanal i 1933. Den har hovudkontoret på Tyholt i Trondheim der dei fleste programma blir sende frå. Mellom unntaka er nyhendesendingane og det mest populære programmet på P1, Nitimen, som blir send frå Marienlyst i Oslo. Kanalen sender også distriktssendingar på kvardagar frå klokka 06.03 om morgonen til 12.00 om formiddagen.
Andre program:
- «Norgesglasset»,
- aktualitetsprogrammet «Her og Nå»
- «Nattønsket»
- Reiseradio
- Lørdagsbarnetimen, verdas eldste eksisterande radioprogram
- Ønskekonserten, som på 1950-talet var NRK sitt mest populære program.
- Radiosporten