Hopp til innhald

Mingus av Joni Mitchell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mingus
Studioalbum av Joni Mitchell
Språk engelsk
Utgjeve 13. juni 1979[1]
Innspelt 1978–1979
Studio A&M (Hollywood) and Electric Lady (New York)
Sjanger Jazz
Lengd 37:20
Selskap Asylum
Produsent Joni Mitchell
Joni Mitchell-kronologi 
Don Juan's Reckless Daughter
(1977)
Mingus Shadows and Light
(1980)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 stars[2]
Christgau's Record GuideC+[4]
Pitchfork5.5/10[3]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[5]
Encyclopedia of Popular Music4/5 stars[6]
Stereo Review(positiv)[7]

Mingus er det tiande studioalbumet til den kanadiske visesongaren Joni Mitchell og eit samarbeid med jazzmusikaren Charles Mingus. Det vart spelt inn i månadane før han døydde, og vart det siste musikkprosjektet til Mingus. Albumet er tileigna han. Mingus kom ut 13. juni 1979.[2]   Albumet er forholdsvis eksperimentelt med minimalistisk jazz, akustiske gitarar og til og med ulvar som hyler gjennom «The Wolf That Lives in Lindsey». Alle tekstane er skrivne av Mitchell, medan musikken til fire av songane vart komponert av Mingus, tre av dei nye songar, medan den fjerde er hyllesta hans til saksofonisten Lester Young frå Mingus Ah Um, «Goodbye Pork Pie Hat» frå 1959, som Mitchell skreiv tekst for.   Som det føregåande Don Juan's Reckless Daughter, hyrte Mitchell jazzfusiongruppa Weather Report til å spele på plata, mellom andre med Jaco Pastorius. Mingus var òg første gong saksofonisten Wayne Shorter og pianisten Herbie Hancock spelte i studio i lag sidan Shorter sitt Native Dancer frå 1974.   Innimellom songane finn ein lydbandopptak frå eit gebursdagsselskap, kalla «(Rap)». På «Funeral» diskuterer Mingus og andre kor lenge han kjem til å leve og korleis gravferda hans kjem til å bli. På plateomslaget finn ein fleire måleri som Mitchell målte av Mingus. Albumet nådde 17. plass på den amerikanske albumlista.

Alle songar er skrivne av Joni Mitchell, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Happy Birthday 1975» (Rap)musikk: Mildred J. Hill0:57
2.«God Must Be a Boogie Man» 4:35
3.«Funeral» (Rap) 1:07
4.«A Chair in the Sky»tekst: Joni Mitchell; musikk: Charles Mingus6:42
5.«The Wolf That Lives in Lindsey» 6:35
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«I's a Muggin'» (Rap) 0:07
2.«Sweet Sucker Dance»tekst: Joni Mitchell; musikk: Charles Mingus8:04
3.«Coin in the Pocket» (Rap) 0:11
4.«The Dry Cleaner from Des Moines»tekst: Joni Mitchell; musikk: Charles Mingus3:21
5.«Lucky» (Rap) 0:03
6.«Goodbye Pork Pie Hat»tekst: Joni Mitchell; musikk: Charles Mingus5:37

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder:[8][2]

Før innspelinga av albumet hadde Mitchell fleire «eksperimentelle innspelingar» med musikarar frå New York som hadde arbeidd med Mingus. Desse musikarane var mellom andre:

Desse «eksperimentelle» innspelingane skal ha gått tapt.

Medverkande på sjølve albumet var:

  • Miksa av Joni Mitchell, Henry Lewy og Steve Katz
  • Mastering av Bernie Grundman
  • Management: Elliot Roberts
  • Måleri av Joni Mitchell
  • Kunstnarisk leiar: Glen Christensen

Innspelt i A&M Studios i Hollywood av Henry Lewy og Steve Katz. Ekstra innspelingar i Electric Lady Studios, New York av Henry Lewy og Jerry Solomon

  1. «Mingus by Joni Mitchell». Rate Your Music. Henta 10. juli 2011. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Planer, Lindsay. «Mingus – Joni Mitchell : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 10. juli 2021. 
  3. «Joni Mitchell: The Studio Albums 1968–1979». Pitchfork. 9. november 2012. Henta 10. juli 2021. 
  4. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: M». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 10. juli 2021 – via robertchristgau.com. 
  5. The Rolling Stone Album Guide – Joni Mitchell
  6. Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (4th utg.). Oxford University Press. ISBN 978-0195313734. 
  7. Coppage, Noel (October 1979). «Joni Mitchell: Mingus» (PDF). americanradiohistory.com (Stereo Review) 43 (4): 100. 
  8. «Mingus». JoniMitchell.com. Henta 10. juli 2021.