Hopp til innhald

Mils

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mils sett frå søraust

Mils er ein kommune i distriktet Innsbruck Land i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 6,91 km² og i kring 4 300 ibuarar. Landsbyen Mils ligg i Inndalen 605 meter over havet, tett ved Hall in Tirol.

Dei fleste ibuarane pendlar til arbeid utanfor kommunen, til dømes til forbundshovudstaden Innsbruck, ei 10 km i vest.