Mick Rock
Mick Rock | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 21. november 1948 Hammersmith, London |
Død |
18. november 2021 (72 år) |
Yrke | fotograf, musikkvideoregissør, regissør, musikkprodusent |
Språk | engelsk |
Nettstad | http://www.mickrock.com |
Mick Rock (21. november 1948–18. november 2021) var ein britisk fotograf som var mest kjend for ikoniske bilete av rock and roll-legender som Queen, David Bowie, Syd Barrett, Lou Reed, Iggy Pop and The Stooges, Geordie, The Sex Pistols, The Ramones, Joan Jett, Talking Heads, Roxy Music, Crossfade, Thin Lizzy, Mötley Crüe og Blondie. Han vart ofte omtalt som «The Man Who Shot the Seventies» (Mannen som tok bilete av 70-åra),[1] og dei mest minneverdige bileta av David Bowie som Ziggy Stardust vart tekne av Rock, då han var den offisielle fotografen til Bowie.
Rock budde i mange år i New York City med kona si og ei dotter. Rock har halde mange utstillingar med arbeida sine.
Karrierehøgdepunkt
[endre | endre wikiteksten]I tillegg til å arbeide med David Bowie, som han møtte tidleg i 1972, er Rock kjend for å ha teke bilete for dei kjende plateomslaga til Syd Barrett på The Madcap Laughs, Lou Reed på Transformer og Coney Island Baby, Iggy and the Stooges sitt Raw Power, Queen sitt Queen II (gjenskapt for den klassiske musikkvideoen «Bohemian Rhapsody»)[1] og Sheer Heart Attack, Geordie sitt Don't Be Fooled By The Name, the Ramones sitt End of the Century og Joan Jett sitt I Love Rock 'n' Roll. Han var sjefsfotograf for filmane The Rocky Horror Picture Show, Hedwig and the Angry Inch og Shortbus. Han produserte og regisserte òg musikkvideoane «John, I’m Only Dancing», «Jean Genie», «Space Oddity» og «Life On Mars» av Bowie.
I tillegg har han teke bilete av The Misfits, Snoop Dogg, Air Traffic, Maxwell, Alicia Keys, The Gossip, Lady Gaga, Richard Barone, The Killers, The Scissor Sisters, Michael Buble, Michael Stipe, Kate Moss, The YeahYeahYeahs, The Chemical Brothers, Janelle Monáe, Queens of the Stone Age, Daft Punk, Kasabian, Snow Patrol, Daniel Merriweather, Black Keys, Hall & Oates, Peter, Bjorn and John, MGMT, Alejandro Escovedo, Pete Yorn, Gavin Degraw, Peaches, Fat Joe, Rhymefest, Nas, Q-Tip, Jane’s Addiction, Tom Stoppard og dei gamle venene Bowie, Lou Reed, Debbie Harry, Joan Jett, Mötley Crüe, Nicos Gun og Iggy Pop.
Rock var så respektert av klientane sine at då boka hans Psychedelic Renegades kom ut i 2001, klarte han å overtyde Syd Barrett til å personlege signere ein spesialserie på 320 bøker. Barrett hadde slutta i musikkindustrien for godt i 1974 og hadde levd privat sidan den gong, avslått alle intervju og all kontakt med fans og folk frå musikkindustrien, og var kjend for å intenst mislike å bli minna på den tidlegare musikkarrieren sin.[2]
Bøker
[endre | endre wikiteksten]- 2001: Psychedelic Renegades. Bilete av Syd Barrett. (Genesis Publications)
- 2002: Moonage Daydream: The Life and Times of Ziggy Stardust. ISBN 978-1-84403-380-5. Med David Bowie (Genesis Publications)
- 2003: Killer Queen. Bilete av Queen publisert som ein offisiell, signert og avgrensa bok (Genesis Publications)
- 2004: Picture This: Debbie Harry and Blondie. Føreord av Debbie Harry.
- 2005: Blood and Glitter. ISBN 978-0-9537479-9-3.
- 2007: Classic Queen ISBN 978-1-4027-5192-9 (Sterling Publishing)
DVD-ar
[endre | endre wikiteksten]- Punk Drunk Love: The Images of Mick Rock (Panoramica)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mick Rock» frå Wikipedia på engelsk, den 17. januar 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Photographer lives the Rock dream BBC News. Henta 17. januar 2016
- ↑ Cavanagh, David (September 2006). «The glory and torment of being Syd Barrett, by David Bowie, David Gilmour, Mick Rock, Joe Boyd, Damon Albarn and more...». Uncut (London). Henta 28 March 2015.