Marianøkleblom
Utsjånad
Marinøkleblom | |
Marinøkleblom | |
Status | |
Status i Noreg: Sårbar[1] | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Lyngordenen Ericales |
Familie: | Nøkleblomfamilien Primulaceae |
Slekt: | Primula |
Art: | Marinøkleblom P. veris |
Vitskapleg namn | |
Primula veris |
(Mari) nøkleblom eller marianøkleblom (Primula veris) er ei plante i nøkleblomfamilien. Ho blir også kalla marinøkkel, men dette kan også visa til ein bregneart.[2]
Marianøkleblom er utbreidd i Europa og Asia. Planta vert kring 15 cm høg og har dunhåra blad som med eitt går over i eit breitt vengkanta bladskaft. Blomsteren mørkgul i midten, om lag 1 cm brei. Ho blømer kring mai månad i bakkar og småskog, oftast på kalkrik grunn.
Planta veks vilt i Noreg frå søre Østfold nordover til Åmot og Trysil i Hedmark, Nord-Aurdal og Øyer i Oppland; langs kysten er ho vanleg nordover til Romsdalen og meir spreidd i Trøndelag. Ho finst også forvilla frå hagar nord til Finnmark.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Marianøkleblom i Artsdatabanken. Besøkt 2. november 2022.
- ↑ «marinøkkel» i Nynorskordboka.
- Primula veris i artsdatabanken.no
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Gullviva» frå Wikipedia på svensk, den 26. mars 2011.