Kranbil
Utsjånad
Kranbil er ein lastebil med kran. Krana kan vera montert rett bak førarhuset, eller heilt bak på bilen. Føremonen med bakmonterte kraner er at dei òg kan nyttast for lasting av tilhengar og at dei er lettare å demontera for å auka nyttelasten. Det finst òg store kraner monterte i staden for lasteplan, om lag som på ei mobilkran. Bilmonterte kraner er utstyrte med hydrauliske støttelabbar.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Bakmontert kran, som kan nyttast for lasting både av trekkvogna og tilhengaren.
-
Frontmontert kran med sete for kranføraren.
-
Stor lastebilmontert kran i bruk på ein byggjeplass.