Hopp til innhald

Kirsti Kolle Grøndahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirsti Kolle Grøndahl
Fødd1. september 1943 (81 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
VervStortingets visepresident 1989-1993
FøregangarReiulf Steen
EtterfylgjarEdvard Grimstad
VervStortingspresident i Noreg 1993-2001
FøregangarJo Benkow
EtterfylgjarJørgen Kosmo
Alle verv

Brit Kirsti Kolle Grøndahl (fødd 1. september 1943) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet og den fyrste kvinnelege stortingspresidenten. Ho har vore kommune- og stortingspolitikar, statsråd og fylkesmann i Buskerud fylke.

Kirsti Kolle Grøndahl vart fødd i Oslo. Ho er utdanna cand. mag. frå 1966. Ho representerte Arbeidarpartiet i kommunestyret og formannskapen i Røyken kommune frå 1972, og vart vald inn på Stortinget i 1977. Grøndahl var statsråd i Kyrkje- og undervisningsdepartementet 1986–1988 og i Departementet for utviklingshjelp 1988–1989. I 1993 vart ho som fyrste kvinne i historia vald til stortingspresident. Ho var 1999–2013 fylkesmann i Buskerud fylke.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]