Hopp til innhald

Kanel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kanelstenger, malen kanel og blomar frå kaneltreet.

Kanel er eit krydder som blir laga av borken til fleire tre i slekta Cinnamomum, særleg kaneltre (Cinnamomum verum).

Ein kan kjøpe kanel som kanelstenger eller i malen form. Malen kanel vert brukt som krydder, i norsk tradisjon brukar ein gjerne kanel på risgraut og i bakverk, som skillingsbollar. Kanel inneheld antioksidantar.