Juliane
Utsjånad
Juliane, Julianne, Juliana og Julianna er kvinnenamn, hokjønsformer av mannsnamnet Julius, opphavleg eit romersk slektsnamn, og av det nærskylde namnet Julian.
Juliane har namnedag den 16. februar. Julia og Julie er nærskylde namn.
Bruken av namnet i Noreg
[endre | endre wikiteksten]- Ved folketeljinga i 1801 var 186 kvinner registrerte med namnet Julian(n)a eller Juian(n)e
- Ved folketeljinga i 1900 var 1620 registrerte med i formene Juliana, Juliane, Juliania, Julianna, Julianne, namnet var særleg populært i Nordland
- I 2008 har nær 1100 kvinner Julian(n)e til første fornamn, medan vel 150 kvinner heiter Julian(n)a.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Juliane Marie av Danmark og Noreg (1729–1796), tyskfødd dansknorsk dronning
- Juliane Werding (f. 1956), tysk songar og viseforfattar
- Julianne Moore (f. 1969), amerikansk skodespelar
- Dronning Juliana av Nederland (1909–2004)
Annan bruk
[endre | endre wikiteksten]- 816 Juliana, ein asteroide
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Folketeljingar i Digitalarkivet
- Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget ISBN 82-521-3604-4
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Juliane hjå Statistisk Sentralbyrå